Snart jul og romjulsdans!
Like sikkert som at jula kjem kvart år, er det at juletradisjonane føl med. I Gimle er det tradisjon med romjulsdans – og me er eit lag som veit å ta vare på gode tradisjonar.
I år som i fjor – og åra før det – vert det dans og spel i Gimle 4. juledag. Og i år som i fjor er det toradargruppa Litt tå kvart som står for musikken, saman med Ida Marie Rognsvåg. Det vert òg songdans og turdans, og felles bordsete med kaffi og julebrød.
Tid: 28. desember kl. 20-23
Pris: 100 (mdl/ungdom/student) / 150
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18