Ein full folkemusikkaftan
Laurdag 28. februar inviterer Folkemusikklubben Columbi Egg og Bergen ungdomslag Ervingen til ein full festaftan i folkemusikkens teikn, med konsert og dans med Gjertruds sigøynerorkester og Kristoffer Kleiveland Band.
Gjerstruds sigøynerorkester har eksistert sidan 1989 og spelar aust-europeisk folkemusikk med stor innlevelse og eleganse. Leiar er Gjertrud Økland, og med på instrument som trekkspel, cello, klarinett og cimbalom har ho musikarane Georg Reiss, Tom Karlsrud, På Thorstensen, Trond Villa, Helene Waage og Ernest Bangó. Les meir om orkesteret her.
Kristoffer Kleiveland er toradarspelar frå Osterøy, godt kjent frå tidlegare festar og dansekveldar i Bergen ungdomslag Ervingen. I bandet har han fått med seg Maria Skjeldrum Toppe på hardingfele, Andreas Kollvangsnes på torader og Jørgen Sandvik på gitar.
Tid: laurdag 28. februar kl. 19.30 (konsert). Dans frå kl. 21.
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 250 / 200 (student/medlem i Bul Ervingen eller Columbi Egg) / 50 (born)
Les meir på heimesida til Columbi Egg eller sjå hendinga på Facebook