Dans- og spelmaraton
Maraton: langdistanseløp over 42 195 m på landeveg.
42 195 steg på dansegolvet? 42 195 strok med bogen over felestrengane? 42 195 ord utveksla med gamle og nye kjente? 42 195 latterkuler? 42 195 kaffislurkar? Den årlege dans- og spelmaratonen i Gimle kan by på alt dette, og meir til.
Dans
I ein kveld fullstappa med mykje god dansemusikk vert det høve til å kunne svinga seg rundt på golvet i ein heftig dans. Berre hugs å stilla med godt utstyr som dansesko og ei ekstra skjorte eller to.
Fotskatt: 50,-
Spel
Spelmennene driv stafett gjennom heile kvelden. Det er ope for fleire spenstige gruppesamansettingangar og artige arrangement. Påmelding innan 12. januar.
Spelekvote: 50,- (friviljug)
Kafé
Om ein skal dansa og spela ein kveld til endes, krev det påfylling av energi. Det får ein i kafeen. Her vert sal av forfriskingar heilekvelden.
Lodd
Med fotskatten følgjer det eit lodd. Utpå kvelden blir det trekt ut nokre heldige vinnarar, som får med ein liten premie heim.
I klartekst:
Tid: 24. januar kl. 19-24
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 50,-
Påmelding for spelmenn til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan 12. januar