17. maiprogram
På 17. mai skjer det mykje moro, her får de ein oversikt over når og kor ting skjer i ungdomslaget.
10.00: Oppmøte på Koengen til Hovudprosesjon. Me står i kolonne 3. Bygdelaga går fremst i kolonna rett bak korpset. Me går sist av bygdelaga.
12.00-14.30: Kafé i Gimle (3. høgda). Ta med vener og familie. Det blir sal av rømmegraut, kake, is, pølse, kaffi, te og brus.
13.00: Barneaktivitetar i Gimle (2. høgda) med Silja Solvang og Maria S. Toppe!
17.30: Øving for dansarar i Gimle.
ca. 18.30-19.15: Underhaldning på Torgallmenningen. Folkedanslaget dansar, Fjellbekken speler og Kvedargruppa kveder.