Folkedanshausten 2015
Hausten er snart over oss, og det er mykje spanande som skjer i ungdomslaget framover! Her er ei lita oversikt over det som skal føregå på folkedansfronten.
Dei faste øvingane i laget startar opp i veke 36. Barnelaget øver måndagar kl. 17.15-18.30, ungdomsringen rett etterpå, og måndagsringen kl. 20-22 i 3. høgd i Gimle, folkedans for seniorar tysdagar kl. 19-21.30 i 2. høgd, og fordjupingsøvinga onsdagar kl. 20-22 same stad.
Helga 5.-6. september er det hyttetur for alle unge vaksne i laget, om ein driv med musikk, dans, teater, song eller noko heilt anna. Det er òg lov å ta med vener og kjente som ynskjer seg ei kjekk helg på Eidsholmen og er det minste nysgjerrig på kva som føregår i laget. Les meir om hytta her, og sjå facebook-hending her. Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no eller renathe_nilsen (at) hotmail.com innan onsdag 2. september.
Fredag 11. september er det kulturnatt i Bergen. I Gimle vert det konsert og dans. Meir informasjon kjem.
19.-20. september vert det nybegynnarkurs i folkedans i Gimle. Les meir om dette her, eller sjå facebook-hendinga. Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no.
16.-18. oktober vert det ljom i Kong Oscars gate. Bergen ungdomslag Ervingen markerer 10 år med kurs, konsertar og fest. Les meir på nettsida til arrangementet.
Det vert dansefest 14. november og romjulsdans 28. desember. Meir informasjon kjem om begge arrangementa.
Me sjåast på dansegolvet!