Nybegynnar

Vil du å læra å dansa reinlender, vals, springar og halling? Vil du ha ein smakebit på norsk folkedans? Då er nybegynnar-kurset noko for deg!

Nybegynnar-kurset i norsk folkedans går hausten 2016 over seks måndagar. Det gir deg ei innføring i ein del av dei vanlegaste folkedansane, og du er med det rusta til å ta del i vanlege danseøvingar i laget, eller bruka folkedans på eit dansegolv ein annan stad. Det er òg eit godt høve til å friska opp gamle kunnskapar om du har dansa før, då kurset vert tilpassa deltakarane. Du treng ikkje ha med partner, her dansar alle med alle. Instruktør er Borghild M. Opdahl, og Terje Furenes spelar.

Tid: måndagar kl. 20-22, frå 29. august og 6 veker framover
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 300 (medl./student) / 400
Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no eller på tlf. 55317446 innan måndag 22. august

Sjå Facebook-hendinga her.

Andre danseøvingar i Bergen ungdomslag Ervingen er måndagsringen (for alle), ungdomsringen (12-19 år), barnelaget (5-12 år) og onsdagsøvinga (ungdom/vaksne).

English text:

Do you want to learn the Norwegian folk dances springar, halling, reinlender, and other traditional dances? Join the beginner’s course! It will be 6 Mondays in a row, starting August 29th. You do not need a partner, here everyone dances with everyone. Instructor is Borghild M. Opdahl, and Terje Furenes will play the fiddle.

Time: Mondays 8pm-10pm, starting August 29th. 6 weeks
Place: Gimle, Kong Oscars gate 18
Price: 300 (members/students) / 400
Registration: kontoret@bergen.ungdomslag.no or phone 55317446 by August 22nd

Facebook-event here.

Laga av Lauen Dans&Design