Søker medlem med naturleg skjegg
Måndag 9. januar arrangerer barnelaget juletrefest i Gimle. Då julenissen er på ferie, treng me ein vikar. Me har vore i kontakt med Manpower, men det er få tilgjengelege nissevikarar i denne travle nissetida.
Om du ikkje har skjegg, kan du byrja å spara nå.
Kvalifikasjonar:
– kler raudt
– liker ungeskrik
– får plass i ei pipe
– erfaring med reinsdyr
Me kan tilby:
– smågodt
– lystig song rundt juletreet
– stor fanskare
– trappetrening
Me stiller med arbeidsklede og eventuelt pute.
Ta kontakt med kontoret om du meiner du er den rette for oppdraget. Det er òg lov å nominera andre.
[Denne teksten blei til på skrivekurset på samrådingsmøtet 4. oktober. Tilbodet er likevel heilt reelt.]