Landkappleikvinnarar på meisterkonsert!
Bergen Juniorspelmannslag gjekk av med sigeren i klassen lagspel junior, under Landskappleiken 2016 i Vågå. Me er svært stolte over å ha så mange og flinke felespelarar i laget vårt.
Bergen Juniorspelmannslag er inviterte til å bidra på Meisterkonsert i Hovudscena i Den Norske Opera, sundag 20.november. I overkant av 600 billettar er allereie seld, så det er ein ettertrakta konsert. Dette blir ein konsert i eit fantastisk konsertlokale! Meisterkonserten er ein del av ei stor folkemusikk-helg i Oslo. Folkelarm er i år flytta frå siste helga i september til 17. – 19.november. Som tidlegare år er arrangementet med showcase-konsertar og seminar.
https://vimeo.com/album/4017899/video/172330884