Til Eidsholmen for å gjera seg feite (?)
Helga 6.-7. mai vert det hyttetur til Eidsholmen for alle unge vaksne i ungdomslaget. Hit kan du vera med om du syng, dansar, spelar eller berre vil vera med på moroa.
Treng du ei helg med avslapping, kos og varme? Lurer du på kven som er best i kubb? Er du tøff nok til å bade før 17. mai (nesten russeknute!)? Me tek òg med musikkanlegg så det vert høve til litt dans, og kanskje nokon tek med instrument?
Vi reiser samla frå Gimle/sentrum i tolvtida på laurdagen og er attende litt utpå dagen på søndagen. Transport organiserer me når me ser kven som vert med. Me kjøper inn mat til lunsj laurdag og frukost/lunsj søndag (ca 50-100 kr pp), og til middag laurdag blir det korgfest. Ta derfor med mat du vil dela med dei andre.
Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no eller ein i folkedanslaget innan onsdag 3. mai. Facebookhendinga kan du sjå her.