Familiesundag 19. februar
Halling, kveding, hardingfele, folkedans, pølser, skattekiste, familiefolkedans!
Sundag 19. februar vert det Familiesundag i Gimle. Då er alle invitert til å vera med på ulke småkurs, danseforestilling og familiefolkedanskveld. Kvart kortkurs kostar kr. 50,- Det vert servering av pølser og frukt kl. 15.30. Deretter vert me tatt med på danseframsyninga “Danse i en ring”, som er Bergen ul Ervingen sitt bidrag i “Den kulturelle skolesekken”. Så vert det dans for heile familien til musikk frå Bergen Juniorspelmannslag. (kr. 60/ 80 for vaksne. Gratis for barna.)
Klokka 13-14.10: | Kurs i kveding |
Kurs i hardingfelespel | |
Foreldrekurs, hardingfele | |
Klokka 14.20-15.30 | Kurs i halling |
Kurs i hardingfelespel | |
Folkedanskurs for foreldre, dei over 14 år | |
Klokka 15.30: | Pølser og saft (gratis) |
Klokka 16.00 | "Danse i en ring"- framsyning (Barn gratis / vaksne kr. 60/80) |
Klokka 17.00 | Familiefolkedans |