Nye tider på kontoret
Sist onsdag var siste vanlege arbeidsdag for Hanna på kontoret. Ho har gjort ein formidabel innsats som stadinntredar for Gro, og som takk for innsatsen fekk ho ein bukkett blomer av lagsstyret. Takk Hanna!
Fram til Gro kjem att på kontoret i august vil det difor vere lågare bemanning på kontoret enn til vanleg. Det vil m.a. ikkje vere nokon fast på kontoret, og telefonen vil heller ikkje bli bemanna. Hilde vil vere på kontoret til sine vanlege tider.
Då Hilde førebels er sjukemeldt må alle førespurnader om økonomi sendast til torbjorn@bergen.ungdomslag.no, med kopi til hilde@bergen.ungdomslag.no.
Førespurnadar om hytta skal rettast til Borghild Opdahl på hennar epost på borghildmarie@hotmail.com eller til kontoret@bergen.ungdomslag.no.
Om det skulle vere noko som hastar kan de kontakt styreleiar på torbjorn@bergen.ungdomslag.no.
Elles blir alle førespurnadar per epost handsama så fort som mogleg.