Ein sosial møtestad

Ei ny gruppe i laget har sett dagens lys. Skostredet spøt og slarv driv med nett det – handarbeid og prat – og ynskjer alle lagsmedlemmer, og andre interesserte, velkomen innom.

Koneklubbar, handarbeidsgrupper og samlingar av menneske som ynskjer å treffast og verta kjente på tvers av aktivitetar har lang tradisjon i ungdomslaget vårt. Selsvikklubben er ein strålande representant for sorten, her treffest gode vener annakvar veke for å utveksla siste nytt, driva med handarbeid og arbeida til beste for laget, mellom anna med basar og julelagsmøte. Men Selsvikklubben har vore den einaste gruppa av denne sorten dei siste åra, og ei gruppe unge vaksne fann i vår ut at det er kjekt med fleire slike møtestadar i laget, der ein kan treffast på tvers av aktivitet og alder, og ha ei hyggeleg stund saman.

Veving av kanteband. Foto: Mari S. Lysne

Ein kan lata hendene driva med det ein vil – her vev av kanteband til mellomalderkjole. Foto: Mari S. Lysne

Skipingsmøte vart helde søndag 11. mai, og namn og grunnleggande ide vart avgjort. Skostredet spøt og slarv skal møtast den fyrste søndagen i månaden, og det er ei uformell og svært open gruppe som kan komma saman. Her er det rom for alle aldrar, kjønn og interesser. Som namnet tilseier er handarbeid og prat med kjente og ukjente vekta likt, og samlingane vert i Snorrestova på kontoret i Fensal. Utover hausten vert det kanskje rom for ulike tema – ein kan å strikka flettamønster, ein annan å veva sokkeband, ein tredje ei god historie – og det er berre å stikka innom når ein har lyst. Kake vert det gjerne òg.

Både spøt og prat godt representerte i desse to. Foto: Mari S. Lysne

Både spøt og prat godt representerte i desse to. Foto: Mari S. Lysne

Men ein treng ikkje venta heilt til hausten. Allereie søndag 1. juni kl. 19 står døra open. Vel møtt!

 

Laga av Lauen Dans&Design