JA til Grunnlova i moderne språkdrakt!
Grunnlova er det viktigaste dokumentet me har i Noreg, og det legg grunnlaget for den demokratiske Noreg. Då er det viktig at alle kan forstå kva som står skrive, og at den ligg føre på dei to offisielle målformene me har.
På tysdag skal Stortinget røyste over forslaga om språkleg modernisering av Grunnlova, og det er framleis usikkert kva utfallet blir. Per i dag stør AP, SV, SP og MDG Graver-utvalet sitt framlegg på moderne bokmål og nynorsk, i tillegg er Venstre delt i saka.
Bergen ungdomslag Ervingen ønskjer at Graver-utvalet sitt framlegg blir vedteke tysdag, og oppmodar difor alle lagsfolk og andre til å ta kontakt med stortingsrepresentantane frå sitt fylke og ber dei røyste for ei grunnlov i moderne språkdrakt på båe målformer!
Her finn de ferdig skrive brev de kan kopiere og sende på epost til representantane dykkar (epostadresser til dei borgarlege representantane ligg ved).