Minnepris til Ida Mikkonen
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2022 er tildelt Ida Mikkonen, født 2008, fra Bergen.
Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Jostedalen laurdag 8. oktober.
Årets prismottaker begynte å spela hardingfele gjennom rekrutteringsprosjektet i Bergen ungdomslag Ervingen: «Morgondagens spelemenn» i 2015. Etterkvart fekk Ida Mikkonen plass i kulturskolen med Elna Selle som lærer. Dei siste åra har ho hatt Johanne Mjøs som lærer, både i hardingfele og vanleg fele. Ida er også med i Bergen juniorspelemannslag og i mindre grupper for dei ivrigast elevane.
Ida har god kontroll på slåttar og arrangement til samspel, og er dermed ein viktig ressurs i spelemannslaget. Til tross for sin unge alder, har ho alt eit godt og klart spel, og øver flittig. Hausten 2021 fkek ho plass i fordjupningsprogrammet i Bergen ulturskole. Ida er ein ivrig deltakar på kurs og festivalar. Ho deltar også på kappleiker som soloutøvar – og i gruppespel. Prisvinnaren er del av ein duo – og dei stiller gjerne opp på ulike speleoppdrag. I vår spelte dei på folkemusikkfestival i Litauen, og fekk mange gode tilbakemeldinger på det! Ida spelar også saman med sin far, som er gitarist, og dei stiller på ulike speleoppdrag saman.
”Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.”
Prisen er støttet av Sparebanken Vest med flere og har vore delt ut årlie siden 2007.
Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.
Styret for minneprisen:
Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.
_____________________________________________________________________
For meir informasjon eller spørsmål:
Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris
Snakka med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga:
Eva Marie Toppe tlf. 97769649, Solgunn M.Flaktveit tlf. 99151125