Kjersti Kindingstad Vågen
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2016 er tildelt 18 år gamle Kjersti Kindingstad Vågen, frå Kvam i Hardanger. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Bergen laurdag 01. oktober.
Styret seier om prisvinnaren:
Kjersti begynte å spele hardingfele då ho var 8 år. Ho har hatt dyktige lærarar i kulturskulen og på utallige kurs, der Mokursa gjennom mange år nemnes spesielt. Utøvaren begynte å spele hardingfele hjå Benedicte Maurseth, men ho har og spelt hjå Knut Hamre, Arngunn Timenes Bell og ho er no elev hjå Marta Linga. Utøvaren var Master -class elev i 2015 og er og i 2016 Master-classelev, der Knut Hamre er læremeistar. Kjersti har delteke på fleire lokale kappleikar og landskappleikar, i soloklassa,- og som medlem av gruppe og lag. Ho har teke oppdrag på hardingfela si i mange samanhengar , og våren 2015 vart ho mellom anna plukka ut til å spele på festframsyning i Grieghallen. Kjersti har vore medlem i Hardanger juniorspelemannslag sidan ho var 10 år, og dei siste åra har ho og spelt med seniorlaget. Siste året har ho vore med i Trioen ”Undertonar” – der ho blir utfordra på nye måtar i lag med andre unge dyktige hardingfele- elevar . Årets prisvinnar er ein talentfull, flittig, og engasjert hardingfele-utøvar som me gler oss til å høyre mykje i tida som kjem.
Takk til:
Styret for minneprisen takkar Hordaland folkemusikklag, Spelmannslaget Fjellbekken, Bygdedanslaget i Bjørgvin og Bergen ungdomslag Ervingen for samarbeidet, og at me fekk nytta Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og me takkar Sparebanken Vest og andre som gjev økonomiske bidrag til prisen.