Folkedans- og folkemusikkstipend
Me gratulerar Silja Solvang, Maria Skjeldrum Toppe og Berit Opheim som mottok Hordaland Fylkeskommune sitt folkemusikk- og folkedansstipend 2017.
Stipendet vart delt ut for andre gong i Osasalen, laurdag 28. oktober, under Osafestivalen 2017. Våre eigne Silja og Maria var blant stipendmottakarane.
Silja Solvang (f. 1990) fekk eit av stipenda på 25.000,-. Ho ynskjer å bruka stipendet til å setja seg inn i tradisjonen for halling i Hordaland. Ho vil ho sjå om ho kan finna det som er spesielt for hallingdansen i Hordaland. Samstundes vil ho fordjupa seg i parhalling og sjå om ho kan finna spanande vendingar og element i dansen. Seinare vil ho bruka det ho finn til å undervise born og unge, og ho tenkjer at det er viktig å vera bevisst sin eigen tradisjon når ein vidareformidlar folkedans. Sidan det er få som dansar halling i Bergensområdet, då spesielt laus, er dette noko som det er viktig å setje fokus på.”
Maria Skjeldrum Toppe (f. 1992) fekk òg eit stipend på 25.000,-. Maria ynskjer å bruka stipendet til å dokumentera den musikalske arva etter Finn Vabø. Finn Vabø er ein sentral tradisjonsberar for folkemusikken i Bergensområdet. Kunnskapen som Finn sit inne med, om både slåttar, spelemenn, historie og tradisjon utover 1900-talet, vil vera særs nyttig for ettertida. Maria ynskjer å tileigna seg slåttemateriale, diskutera stil og uttrykk – samt å intervjua han om folkemusikken, spelemennene og tradisjonen i Bergensområdet før hennar tid. Eit særs viktig dokumentasjonsarbeid.»