Jonsok på Eidsholmen 2014
Tradisjonen tru er det jonsokfeiring på Eidsholmen i år også. Jonsok fall på mandag, veret var fint, om enn litt frisk nordavind, og grillen var klar. Det var såpass tørt på bakken at stolane kunne brukast utandørs, så det var reine utekafeen nede på plassen. For ein gongs skuld slapp vi å bera inn på grunn av verskifte. Det var bortimot 30 personar, og dei som kom hadde det triveleg. Hyttenemnda hadde gjort ein god jobb med førebuingane som vanleg.
Bileta er tekne av Kjersti.