Helg med ungdom og dans
Helga 17.-19. mars skipa Bergen ul Ervingen til dansesamling for born og ungdom, på Lindås Ungdomsskule. Det var heile 21 deltakarar.
Danseinstruktørane for helga var Silja Solvang og Maria Skjeldrum Toppe, medan Kristoffer Kleiveland var spelemann. Det var deltakarar frå ungdomslaga Nordbygda ul, Voss ul, Lindås ul og Bul Ervingen, det var også nokre ungdommar frå asylmottaket på Lindås.
Samlinga starta fredag kl. 19, og var ferdig søndag kl. 14. Vi starta fredagen med å eta kylling-taco, og fortsette kvelden med å dansa. Silja Solvang hadde kurs med dei frå 10-13 år, medan Maria Toppe hadde kurset for dei som var eldre. På laurdag starta vi kl. 08:30 med frokost. Vi fortsette dagen med lunsj, kurs og pizza til middag. På kvelden var stikkball eit populært spel. Søndagen var ein kort dag, men før vi reiste hadde vi kurs, pakking og lunsj. Til lunsj hadde vi eit herremåltid av restane frå helga. Det var taco, tomatsuppe, pizza og brødmat, og rundt kl. 14 vart dei fleste henta.
Helga var ei kjempekjekk helg, full av dans og sosialt samver. Fleire møte att gamle kjente, samt vart kjent med fleire nye. Dei yngste vart instruert i dansane reinlender, parhalling og Ålandssjottis, medan dei eldste lærte dansar som busserull, springar og familievals. Vi dansa også litt med begge gruppene samla. Då dansa vi ma bananskrell, og tretur frå Hordaland. Det var mykje moro for alle og einkvar. Dansesamlinga var heilt suveren frå kl. 19 fredag 17. mars til kl. 14 søndag 19. mars.