Oppvarming til landskappleik med valdresspringarkurs!
Helga 08.-09. november arrangerte folkedanslaget og bygdedanslaget kurs i valdresspringar i Gimle. Stian Roland og Tone Voldhaug instruerte medan ivrige vestlendingar prøvde å halde takten til dei vakre tonane frå Laura Ellestad si fele.
Det var heile 37 deltakarar på kurset, og helga var fylt av ny lærdom, mykje frukt og kjeks, gode samtalar og latter. På laurdagen var ein del av kursdaltakarane ute og åt middag saman. Etter to dagar med god instruksjon, såg mange av deltakarane fram til å svinge seg på landskappleik til sommaren!
Tekst og foto: Marit Kvamen, folkedanslaget.