Dans utan grenser

Torsdag 23. oktober fekk ein fullsett Fensal oppleva storslegen dans frå to ganske ulike dansegrupper. Då gjekk ungdomsringen saman med dansekompaniet Flava Few, og viste det beste frå to danseverder. Den tradisjonelle folkedansen møtte halsbrekkande breakdance og hiphop. Kontrastane i dansestilar var store, men grensene var borte.

Alle foto: Kjersti J. Nybø
Ungdomsringen og Flava Few viste at det ikkje treng å vere grenser mellom ulike danseartar denne kvelden.

Førestillinga var åpningsnummeret på Bergen Internasjonale Musikkfestival, og dei to gruppene har det siste halve året møttest fleire helgar for å setje saman førestillinga og øve. Silja Solvang og Tatiana Palanca har vore koreografar, og  Vegar Vårdal har vore innom med tips og hjelp. Maria Toppe Skjeldrum var med som speledame. Dei to gruppene har møtt på utfordringar undervegs, som gjerne er naturleg når ein skal prøve å setje saman og skape flyt i ei førestilling med to så ulike dansegrupper. Men dei har òg lært mykje av kvarandre, og samspelet ungdomane i mellom er godt. Det er tydeleg  at prosjektet har vore mest moro, og at dansarane har brote ned  barrikadar mellom både danseartar og dansarar. Dei syner oss at dans ikkje har nokon grenser, og at danseglede oppstår i alle slags dansar.

Sjå Bergen student-tv sitt innslag om prosjektet her.

Fleire bilete frå førestillinga:




 

 

Laga av Lauen Dans&Design