Generelle vilkår til leigetakarar under covid-19 restriksjonar:
Leigetakar må ha ein person som er smittevernansvarleg . Denne personen har ansvar for at leigetakar følgjer smittevern-reglane som gjeld generelt og dei som er spesifikke for aktuell aktivitet/arrangement. https://helsenorge.no/koronavirus/arrangement-og-aktiviteter
Rigging til øvinga/arrangementet må skje før
deltakarane kjem
Leigetakar må ha ei dørvakt som opnar inngangsdøra nede, slik at ikkje alle treng å ta i den. Alle må sprite seg inn og ut av huset. Dørene til det leigde rommet må vere opne slik at folk kan gå rett inn. Handdesinfeksjon er sett ut ved inngangsdøra og på toaletta
Smittevernansvarleg er ansvarleg for å tørke over alle kontaktpunkt i lokala dei leiger, som td dørhandtak, lysbrytar, bordplater, stolar, gelender og toalett før øving/arrangement og etter øving/arrangement.
Ingen servering eller matlaging under øvinga/arrangementa
Leigetakar må opphalde seg i det rommet/dei romma som
dei har leigd og unngå opphald i fellesareal som trappeoppgang og toalettareal.