Bergen ungdomslag Ervingen avlyser danseøvingar og dansearrangement i 14 dagar framover sidan desse er vanskelege å gjennomføre samtidig som ein overheld regelen frå kommunen om 1 meters avstand.
Øvingar og arrangement som kan gjennomførast samtidig som
denne regelen vert følgd; til dømes kvedargruppe, kor og spelemannslag, går som
vanleg, med mindre reglane frå kommunen vert endra i løpet av helga.
Vi oppmodar dei som deltek på desse øvingane om å vere nøye
med å unngå fysisk kontakt, og vaske hendene godt både før, under og etter
øving. Vi oppfordrar til å ikkje ha mat på øvingane.
Vi ber om at dei som føler seg sjuke helde seg heime, og at
dei som er i risikogrupper, vurderer sjølv om dei skal gå på øving.
Laget sender ut nye retningslinjer etter behov, og tek ei ny
vurdering om danseøvingar/-arrangement innan 14 dagar (onsdag veke 13).
Vi oppmodar til å vise solidaritet med meir sårbare grupper, og håpar elles at alle får fine veker framover, og avsluttar med ordtaket: “heller føre var enn etter snar”! :)