Kjekk kortur til Gdansk
Kor e Tonen var på tur til Gdansk i Polen første helga i oktober.
Lørdag kveld hadde vi ein liten konsert i Elżbieta-kyrkja. Det blei ein fin norsk kultureksport med eit repertoar som innehald mellom anna Ved Rondane, Gjendines bådnlåt og Ned i vester soli glader. Vi fekk god respons fra publikum, og det var ei stor oppleving å få syngje i den fantastiske akustikken i kyrkja.