Kven Veit 2017?
Resultata frå første runde av spørjetevlinga Kven Veit 2017? er klare, og me i Bergen ungdomslag Ervingen kan vera svært så stolte. Laga våre hevdar seg meget bra, og held det fram slik, kan det verta kniving om topplasseringa mellom bergenslaga!
Neste runde går av stabelen tysdag 14. mars, så det vert spanande å sjå om fjorårsvinnaren kan forsvara tittelen, eller om utfordrarane vippar dei ned frå pallen.
Sjekk resultatlista etter første runde finn du her.