Til Den Nationale Scene v/ teatersjef Agnete Håland
Bergen ungdomslag Ervingen følgde med under debatten sist vinter om teater på nynorsk, og støtta oppropet frå Jon Fosse. Me arbeider mellom anna for nynorsk og dialektbruk, og er derfor svært opptekne av at også dei tunge kulturinstitusjonane i byen formidlar kultur på begge målformer. I etterkant av debatten har me registrert ei auka bruk av nynorsk og dialektar ved DNS, og vil rope høgt hurra for det! Dette meinar me er eit gode for både bergensarar og innflyttarar. Setningsbygnaden i bergensk talemål ligg jo nær opp til nynorsk og vestlandske dialektar, og nynorskspråklege innflyttarar aular det av i Bergen.
Me ønsker dykk derfor lykke til vidare i arbeidet med teater på nynorsk og dialektar, og håpar at utviklinga held fram!
Beste helsing Bergen ungdomslag Ervingen