Selsvikklubben har feira 40-års jubileum (sånn omtrent, dei er ikkje heilt sikre på året). Namnet har dei fordi dei i starten arbeidde for Selsvik, utferdsstaden til Bondeungdomslaget i Bergen, mellom anna med vårleg vask, gardinsying og innkjøp av både praktisk utstyr og pynteting. Basaren på det tradisjonelle Bededagsmøtet skaffa pengar, og dei hadde mykje strikk og handarbeid til alle utlodningar i laget.
No tek dei seg av graut og basar på julemøtet, og stiller også opp på andre tilskipingar i laget. Pengane frå basaren går til gevinstar til det årlege lotteriet i laget og andre småting som laget treng.
Dei samlast annankvar onsdag, mest i Fensal, men også privat. Praten går livleg over kaffi og enkel servering. Litt handarbeid gjer dei, men ikkje alltid så mykje.
Dei er åtte aktive kvinner, og tek gjerne imot fleire. Det er lurt at du har vore aktiv i laget ei tid, dei som er med no har kjent kvarandre lenge – noko som samtaleemna av og til ber preg av.