Vikariat organisasjonssekretær 100 %

rosaBergen ungdomslag Ervingen er ein frilynt aktivitesorganisasjon som driv med folkedans, folkemusikk, kor, kveding og teater. Bergen ungdomslag Ervingen er medlem av blant anna Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.

Grunna fødselspermisjon søkjer laget etter ein organisasjonssekretær frå 1. august 2015.

Som organisasjonssekretær utførar du vanlege kontorfunksjonar og fylgjer opp aktivitetar i  laget. Du utarbeider søknadar, konkretiserer prosjekt og formulerer prosjektsøknadar. Du yter medlemssørvis og oppdaterar medlemsregisteret, samt er kontaktledd  til dei landsdekkjande organisasjonane som laget tilhøyrer.  Ei anna viktig arbeidsoppgåve er intern og ekstern informasjon, deriblant oppdatering av nettsidene til laget, marknadsføring og medlemsrekruttering. I tillegg leiger du ut lagshytta.

Fast kontortid mellom 09.00-15.00, elles fleksibel arbeidstid. I tillegg vil det bli nokre møter på kveldstid.

Laget har kontorlokale i Fensal, Kong Oscars gate 15 og du vil dele kontor med ein regnskapsførar i 25 % stilling.

Løn etter Noregs Ungdomslag sin lønnstabell.

Administrasjonsspråket i laget er nynorsk.

Søknadsfrist:  3. mai

For meir informasjon, kontakt Torbjørn B. Lauen
tlf. 95 96 94 75 // torbjorn@lauen.no

Søknad sendes til kontoret@bergen.ungdomslag.no

Laga av Lauen Dans&Design