Instruktørkurs: fordjuping i songdans og stordans 29.sept. -1.okt.
Det vert instruktørkurs med tema fordjuping i songdans og stordans 29.september-1.oktober i Gimle.
I tillegg til instruktørkurset skipar me til Stordanskveld på Schøtstuene laurdagskvelden. Det vert med andre ord ein god sjanse til å fordjupa seg skikkelig i songdansen si verd.
Om kurset:
Noregs Ungdomslag har ein stolt tradisjon med songdans og stordans og dette instruktørkurset gjev eit djupdykk i songdans- og stordanstradisjonen. Kurset set fokus på opplevingsverdien av songdansane og korleis ein best kan gjere formidlinga for å sikre ei god oppleving. Dessutan ser vi på læringsteknikkar for tekst og sentrale element ved det å skipa og leia stordans. Deltakarane skal læra eit utval viser og balladar, og delta i drøftingar om songdansen og stordansen si rolle og plass i samfunnet i dag. Alle som tek instruktørkurset skal i løpet av kurset prøva seg på å skipa songdans eller stordans.
Påmeldingsfrist fredag 8.september via www.deltager.no/fordjuping-songdans-stordans
Meir informasjon: http://www.ungdomslag.no/?a_id=3370&ac_parent=1