Nye restriksjonar
Hei alle saman!
Eg håpar alle har det bra og er friske.
Grunna nye smittevernsreglar vert alle fysiske øvingar for vaksne (personar over 20 år) avlyst dei neste 14 dagane.
Bergen kommune kjem med nye reglar for barneaktivitet i løpet av dagen. Vi oppdaterer informasjon om dette så fort som råd.
For instruktørar og spelemenn: Vi vil bruke dei same retningslinjene som i vår, med at planlagte, ikkje-gjennomførte øvingar vert honorert med halvt honorar, og øvingar som vert gjennomført digitalt vert honorert med fullt honorar.
Eg ynskjer alle ei god helg! Ta kontakt om det er noko du lurer på, eller om du treng ein prat!
Beste helsing
Marit