Lagsstyret har i kveld hatt møte, og vedteke at me avlyser alle øvingar i laget fram til 15. juni. Dette er i tråd med dei nasjonale retningslinjene for kulturlivet. Dersom det vert gjort endringar i dei nasjonale retningslinjene, vil vi på nytt vurdere å opne opp for øvingar.
17. mai vert heller ikkje som forventa, men fortvil ikkje – lagsstyret har starta arbeidet med å skapa ekte nasjonaldagsstemning! Me håpar at me snart kan samlast att, og at alle tek godt vare på seg sjølv og dei rundt seg i denne tida.