Landsmøte i Noregs Ungdomslag
Helga 22.-24. april var heile styret samla på landsmøtet til Noregs Ungdomslag i Oslo. På programmet sto prinsipprogram, arbeidsplan og lovendringsforslag, men det var også tid til inspirerande samtalar over ein kopp kaffi.
Helga starta med miniseminar. Laget sine utsendingar deltok på landsmøteførebuing for ungdom, seminar om søknadsskriving og seminar om songdansen. Slikt fagleg påfyll skapar engasjement for organisasjonsarbeid.
Vår eigen Endre Kleiveland innleidde landsmøtet med å trekke fram det gode arbeidet som har vore gjort i 2015. Norsk teaterråd, ein paraplyorganisasjon for teater, blei oppløyst i 2015, men NU gjekk raskt saman med andre teaterorganisasjonar og danna Teateralliansen. Dermed sikra ein offentleg stønad til amatørteateraktivitet. Med utgangspunkt i dette arbeidet har NU fått hovudansvar for ei utgreiing om samarbeid i det frivillige kulturlivet, kalla Kulturalliansen. Endre peika også på at informasjonsflyten kan bli betre i organisasjonen. Påstanden om at NU var ein sliten organisasjon blei blankt avvist i den påfølgjande debatten.
Gjeldande prinsipprogram for NU blei vedteke i 2005, og er bygd opp kring dei seks kjerneverdiane frilynd, tradisjonar, nyskapande, generasjonar, rusfri samværskultur og samfunnsengasjement. Styret i NU ynskjer ein grundig debatt i heile organisasjonen, og eventuelle endringar vil bli lagde fram for landsmøtet i 2017. Mette Vårdal innleidde til debatt og lyfta mellom anna fram opplæring som ein viktig verdi i organisasjonen og eit kjenneteikn ved NU. Etter ei runde med gruppediskusjonar var det tid for plenumsdebatt. Veit alle kva frilynd betyr, eller er mangfaldig eller fordomsfri betre ord? Viser me samfunnsengasjement gjennom aktivitetane våre, eller skal NU ytre seg i politiske saker? Bør folkedans, teater og bunad inn i prinsipprogrammet, sidan dei ulike fagråda blei lagde ned i 2014? Skal prinsipprogrammet understreke kva me er, eller skal det vere noko å strekke seg etter? Styret i laget ynskjer å ta opp diskusjonen med medlemmane til hausten.
Sundag vedtok landsmøtet arbeidsplan for 2017 – 2018 og fråsegner. Styret i NU sine fråsegner omhandla barnelitteratur på nynorsk og at vaksne innvandrarar i nynorskkommunar skal få tilbod om nynorskopplæring. Landsmøtet støtta opp om intensjonane bak fråsegnene. Landsmøtet vedtok fråsegna Høyr på ungdommen! der bodskapen var at ungdommen må bli teken med på råd ved eventuelle kommunesamanslåingar. Den siste vedtekne fråsegna Skolens ansvar for å vidareføre kulturarv omhandla kor viktig det er at kulturarven blir teken med i utarbeidinga av nye læreplanar.
Det var totalt 80 røysteføre på landsmøtet som skulle stemme over lovendringsforslag. Paragrafen om trygging av eiga blei endra og paragrafen om lagsbrukavgift blei fjerna. Bergen ul Ervingen fremja saman med andre ungdomslag eit lovendringsforslag for å sikre at styret i NU alltid har ein medlem under 26 år. Dette lovendringsforslaget blei ikkje vedteke.
Endre Kleiveland blei på landsmøtet takka av etter fire år som leiar. Mette Vårdal er nyvald leiar i NU. Mette bur i Vågå og har tidlegare vore veldig aktiv i NU, både som tilsett ved NU-kontoret og i mange ulike verv. I Mette får NU ein leiar med solid erfaring som ivrar etter å utvikle organisasjonen vidare. Bergen ul Ervingen er godt representert i det nye styret. Håvard Ims held fram i styret, men er ny i rolla som organisatorisk nestleiar, medan Torbjørn Bergwitz Lauen er ny styremedlem.
Helga var fylt med gode debattar og samtalar, samt nokre nye idear. Det var gode rammer rundt landsmøtet, med tilbod om teaterførestilling på Det norske teatret om fredagen og ein mangfaldig dansekveld på Riksscenen om laurdagen. Då 1. vara Lars Fivelstad Smaaberg kom på toget frå Oslo, var styret samrøystes einig om at det hadde vore ei kjekk helg!