Hyttetur for dei yngste
Helga 18-19 april reiser dei yngste i laget på hyttetur til lagshytta på Eidsholmen i Fana. Både barnelaget og juniorspelmannslaget deltek.
Det vert både spel- og dansekurs, samt mange ulike aktivitetar både inne og ute. På programmet står mellom anna formingsaktivitetar, natursti, kveldig, leik og moro. Og sjølvsagt vert det taco om laurdagskvelden! Håpar mange har lyst til å vera med, og ta gjerne med søsken, vener og foreldre – så vert det endå fleire på hytta denne helga.
Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan onsdag 15. april