Ei ny fanesak
Laget skal ha ny fane, men korleis skal ho sjå ut?
Onsdag fekk dei frammøtte på lagsmøtet vita litt meir om faner då Liv Marit Idsø gjesta Gimle. Med seg hadde ho materiale frå si nye bok om faner, og ho viste mange flotte døme. Alt frå dei fyrste frå sluten av 1800-talet, til faner av heilt ny dato. Ho fortalde om korleis stilen har endra seg, det heile med fire flotte, raude faner hengjande som bakteppe frå galleriet. Neste år feirar laget 10 år som samanslått lag, og målet er at me kan gå samla i 17.-maitoget bak ei ny fane. Har du innspel til korleis den nye fana bør sjå ut? Skriv ein kommentar eller send ein mail til kontoret.
Alle foto: Kjersti J. Nybø