Hallinghelg i Gimle
5. og 6. april arrangerte Folkedanslaget og Bygdedanslaget kurs i hallingspringar. Bjørn Lien og Sigrun B. Svenkerud var instruktørar og Arne Anderdal var spelemann. Det var godt oppmøte, 23 danseglade kom for å læra av desse flinke hallingdølene. Mange hadde vore på hallingspringarkurs med dei same instruktørane før og tok det som ei oppfrisking, medan nokre var heilt ferske i dansen. Det var flott musikk, gode instruksjonar og mange sveitte og glade dansarar i storsalen i Gimle denne helga og kurset gav meirsmak – mange er klare for å svinga seg til dei lokale tonane på Landskappleiken på Geilo i sumar!
Flickr API error: Invalid API Key (Key has invalid format)