Urpremiere på HAV i Gimle

HAV av Jon Fosse

Jon Fosse sitt teaterstykke HAV har urpremiere 22. mai i storsalen i Gimle i samband med Festspillene i Bergen.

Den nye framsyninga HAV tek oss med inn i det symbolladde universet til Jon Fosse. Samstundes møtet me hans leikande og forsonlege “små menneskje” som får eit stort lys over liva sine. I storsalen i Gimle blir nokre av dei mest kjende skodespelarane i Noreg samle i denne urpremieren, mellom andre Hildegun Riise og Svein Tindberg.

Me er kanskje på eit båt på eit hav. Ulike menneskje som delvis er ukjende for kvarandre, og delvis står kvarandre særs nært, møtast her. I ein overgangsfase mellom liv og død opplever dei livssituasjonar om igjen og om igjen, situasjonar som førte til tap og til gevinst.

Jon Fosse sine tekstar er omsett til over 40 språk, og stykka er synt fram meir enn tusen gonger over heile verda. Fosse debuterte som dramatikar på Den Nationale Scene med “Og aldri skal vi skiljast” i 1994, og sidan har m.a. Festspela presentert ei rekkje urpremierar av forfattaren.

Framsyningar

Torsdag 22. mai kl. 18.00 og 20.00, Gimle

Fredag 23. mai kl. 18.00 og 20.00, Gimle

Laurdag 24. mai kl. 18.00 og 20.00, Gimle

Den 31. mai kl. 18.00 og 20.00 blir framsyninga synt på Haugatun ungdomshus på Strandebarm.

Ting billettar

Jon Fosse manus
Kai Johnsen regi
Ingrid Tønder scenografi & lysdesign
Ola Bø dramaturg
Liv Hege Skagestad produsent
Siren Jørgensen, Hildegun Riise, Morten  Espeland, Kyrre Hellum, Svein Tindberg og Øystein Røger skodespelarar

Presentert og tinga av Festspillene i Bergen, Bondeungdomslaget i Oslo, Det Norske Teatret og Hordaland Teater. 

Produsert av Bondeungdomslaget i Oslo

Om framsyninga på Festspela sine nettsider ❖ Artikkel på NRK.no

Laga av Lauen Dans&Design