Fordjuping  i folkemusikk og folkedans

Fordjuping  i folkemusikk og folkedans er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte elevar, til elevar som vil noko meir, som er i alderen 13-19 år. Du får ein sosial og fagleg møteplass med andre som har same interesse.

Helgesamlingar med dans / samspel, musikk- / danseteori og tilpassa opplegg.

Samlingane går føre seg ulike stader i fylket.

Undervisning, mat og opphald er inkludert i eigendelen på kr. 1000 pr semester. Noko foreldreinnsats må reknast med i samband med overnatting. Ein bind seg til alle tre semestera ved påmelding.

Samlingsdatoar 2024/2025:

25.-27. oktober  – Voss

24.-25. januar – Osterøy

15.-16. mars – Bergen

24.-25. juni – Eidfjord

Oktober  2025– Voss

Vinter 2025 – Sogn / Sunnfjord

På helgesamlingane vil du som spelmann jobba med :

– Samspel i større og mindre grupper

– Innlæring av ferdige arrangement / vera med å laga eigne arrangement

– Læra og forstå skilje mellom hovudgruppene bygdedans og runddans

– Kjenna att musikk og dans innan runddans og bygdedans på Vestlandet

– Samspel mellom musikar og dansar

Som dansar vil du jobba med:

– Læra og forstå skilje mellom hovudgruppene Bygdedans og runddans

– Kjenna att musikk og dans innan runddans og bygdedans på Vestlandet

– Læra eit breiare utval av dansar og kjenna dei att ut frå musikken

– Læra å nytta musikken til å skapa variasjon i dansen

Håpar du har lyst å vera med i prosjektet? Meld di interesse til læraren / instruktøren din, så kontaktar dei oss.

Har du spørsmål om prosjektet?

Ta kontakt med Bergen Kulturskole v/ Maria S. Toppe; 91637213 / MariaSkjeldrum.Toppe@bergen.kommune.no  eller Bul Ervingen v/ Gro Vetås; 47664785 / kontoret@bergen.ungdomslag.no

Laga av Lauen Dans&Design