Minneord Norvald Kristoffer Erstad
Heiderslagsmedlem Norvald Kristoffer Erstad gjekk bort onsdag 27.april. Det er sjeldan ein kan sjå tilbake på eit så langt og aktivt medlemsskap.
Norvald var leiar i Bondeungdomslag Ervingen frå 1974 til 1976, ein periode med stor aktivitet. Med sitt vinnande vesen og lune humor skapte han eit godt miljø i laget. Han kom lett i kontakt med folk og fekk dei med seg i arbeidet.
Norvald har hatt eit særleg engasjement for lagshytta Eidsholmen, heilt frå grunnen vart kjøpt i 1957. Då han vart pensjonist på 1990-tallet var han ein av dei mest aktive i dugnadsarbeidet og ein pådrivar for store utbetringar på hytta i den tida.
I tillegg til lagsarbeid, var folkedansen Norvald sin aktivitet i laget.
Laget er takksam for Norvald si innsats for laget og for at han alltid støtte opp under samhaldet i laget.