Lyst å synga og spela saman?
Dersom øvingar skal gjennomførast ber vi om:
- Alle må lese rettleiaren for gjennomføring av øvingar https://www.musikk.no/nmr/om-oss/medlemsorganisasjoner/ressurser-for-medlemmer/veileder-smittevern-for-musikkovelser. Leiar i særlaget er smittervernsansvarleg.
- Det kan vere maks 30 personar på øving. Desse kan delast i grupper på 5. Det må vere 1 meter mellom kvar person i gruppa. Det må vere minst 2, helst 4 meter, mellom kvar gruppe. Gruppene kan ikkje endrast i løpet av øvinga.
- Rigging til øvinga må skje før deltakarane kjem. Særlaget får ansvar for å organisere dette.
- Ha ei dørvakt som opnar inngangsdøra nede, slik at ikkje alle treng å ta i den. Alle må sprite seg inn og ut av huset. Dørene til øvingslokalet må vere opne slik at folk kan gå rett inn.
- Utstyr må spritast før og etter bruk. Ein kan ikkje dele på utstyr. Vi ber om at notar/tekst vert sendt på e-post før øvinga.
- Ingen servering under øvinga.