Bakgrunn for prisen

Audhild-kompBakgrunnen for oppretting av minneprisen har vore eit ønske om å oppmuntra unge utøvarar på hardingfele, og slik minnast ho Audhild. Audhild var aktiv utøvar på hardingfele og ho dansa folkedans. Som lita jente vart ho med i barneleikarring, og i ung alder byrja ho å spele hardingfele. Audhild hadde mange vener i folkemusikkmiljøet, og slik sett vil ein minnepris utdelt til andre unge kjennast rett. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, og ho vart berre 17 år gammal. Starten på fondet er knytt opp mot ”Ein sjeldan blome”, minnekonserten i Gimle, Bergen, 10. mars 2006.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som tilsvarer C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

Organisering

Minneprisen blir styrt av eit styre som arbeider etter fastsette vedtekter.

Styret skal stå for utveljing av kandidat og tildeling av minneprisen. Styret skal bestemma størrelse på tildelinga. Dei skal vidare velja arena for utdeling av minneprisen, t.d. Vestlandskappleiken. Minneprisen bør delast ut årleg.

Kontaktinformasjon

Du kjem i kontakt med oss enten ved å kontakte eit av styremedlemma direkte, eller å sende ein epost til:
kontoret@bergen.ungdomslag.no

Minneprisen har denne bankkontoen:
Hordaland Folkemusikklag
Audhilds minnekonto
Kontonr. 3411 27 37245

Laga av Lauen Dans&Design