Velkommen til festdag på hytta!

Grilling

Det vil bli natursti for både store og små, moglegheit for bading, skravling på plenen og grilling. Styret ordnar med varm grill klokka 14 og klokka 17.

Ta med deg mat og drikke, sitteunderlag, badeutstyr og varme klede, solkrem og andre lagsmedlem som du synest burde vere med på feiringa! Vi minner om at tilskipingar i regi av Bul Ervingen er rusfrie.

Det vert ingen arrangert underhaldning, men du må gjerne ta med deg instrument, songstemme og/eller dansesko! 

Det er pr. no inga påmelding, men dersom smittevernsreglane tilseier at vi må ha eit avgrensa tal besøkande, vert det påmelding med “først til mølla”-prinsippet. 

Vel møtt!

Laga av Lauen Dans&Design