Borghild Marie Opdahl – stipendmottakar “Folkemusikk Ung”

Borghild Marie Opdahl vart i helga tildelt stipend frå Hordaland fylkeskommune.

Borghild bilde

Hordaland fylkeskommune lyste tidlegare i haust ut stipend til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans. Føremålet med satsinga er oppmuntre til kunstnarleg utvikling og å styrkja og sikra arbeid med immatriell kulturarv. I utlysingsteksten heiter det at “Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar og deg som arbeider med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet. Søkjar må vere busett i Hordaland”.

Under opninskonserten på Osafestivalen 28.10.16, vart Borghild tildelt stipendet “Folkemusikk Ung” på kr 25.000,- Stipendet er meint å gje høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll og utvikling. http://www.osafestivalen.no/artikkel/folkemusikkstipendet-2016-gar-til

Borghild ynskjer å nytta stipendet til å utvikle seg som dansar og instruktør, gjennom å få større kunnskap om tradisjonen. “Hordaland har ein mangfaldig tradisjon, og variasjonar gjev grunnlag for nyskaping, både på golvet og scena. Stipendet vil i stor grad bli nytt til å kunne reise; for å sjå opptak, treffe kjelder og oppleve ulike dansegolv. Gjennom tidlegare studiar av folkedans, har eg tileigna meg kunnskap som er naudsynt for ei slik tilnærming til dans. Det er særleg to dansar eg er nyfiken på å fordjupe meg i; Vestlandsspringar og polka med støyt.” 

I tillegg til at Borghild er lagsleiar, kjenner me ho som ein aktiv og allsidig instruktør for alle aldersgrupper og nivå. Ho har lært nybegynnarar runddansteknikk, seniorar turdans, skuleborn songleikar og ungdommar bygdedansar. Me er stolt og glade for å ha ein slik medlem, lagsleiar, instruktør og eldsjel i laget – og veldig glad for at ho spreier stor danseglede kring seg!

Bergen ungdomslag Ervingen gratulerar Borghild med velfortent stipend!

 

Laga av Lauen Dans&Design