På desse sidene vil du finne informasjon om organisasjonen og organisasjonsstrukturen. Du kan lese meir om kva laget driv med her.
Organisasjonsstruktur
Laget blir leia av lagsstyret. Lagsstyret har ein leiar, 4 medlemmar og 3 varamedlemmar.
Hovudaktivitetane i laget er drivi av 7 ulike særlag med eigne styre:
- Barnelaget
- Folkedanslaget
- Selsvikklubben
- Songlaget Kor e’ tonen
- Audhilds
- Bergen Juniorspelmannslag
- Teatergruppa BULEskit
- Ungdomsgruppa
I tillegg har laget 2 nemnder:
- Hyttenemnda
- Valnemnda
Rådet er det kontrollerande og rådgjevande organet i laget og er samansett av 5 medlemmar som alle har vore lagsmedlemmar over lengre tid.
Til sist har laget eit Fonds- og eigendomsstyre som har forvaltningsansvar for fond og verdipapir, og for å ha oversyn over lagsbruka til laget.