Lagsbruk

Fensal. Inngangen til kontoret er på hjørnet i første høgda.

Fensal. Inngangen til kontoret er på hjørnet i første høgda.

Som mange andre ungdomslag har Bergen ungdomslag Ervingen eit aktivt lagsbruk. Det første lagsbruket, “Skytningsstova aat Ervingen” i Strandgaten 77, kom i gang i 1903. Sidan den gong har dei to tidlegare bondeungdomslaga drive ei heil rekkje ulike lagsbruk.

I dag er laget eigar av aksjeselskapet Ervingen Lagsbruk a/s, som er morselskap i eit konsern med fleire dotterselskap.

Dotterselskapa er Ervingen Kulturhus a/s, Hordaheimen a/s, og Ervingen Eigedom a/s. Desse selskapa har røter attende til 1920-talet, då båe dei to tidlegare bondeungdomslaga dreiv ulike forretningstiltak. Målet med lagsbruka har alltid vore todelt; å skaffe midlar til lagsdrifta og dei ideelle måla for laget, og å profilere laget utad.

I dag er Ervingen Kulturhus eit selskap som eig og driv dei to kulturhusa i Kong Oscars gate; Gimle og Fensal. Målet med selskapet er å skaffe husrom til lagsaktivitetar og vere eit kultur- og aktivitetshus for amatørar og profesjonelle utøvarar i Bergen sentrum. På gateplan er lokala utleigd til vanleg forretningsverksemd. Båe husa er bygd kring 1900, og har vore brukt som forsamlingslokale frå starten. Det er stor festsal i båe husa med plass til omlag 200 personar, i tillegg er det fleire mindre lokale i husa òg.

Fram til sumaren 2018 dreiv laget Hordaheimen hotelldrift på reine kommersielle vilkår. Hotellet nytta nynorsk som administrasjonsspråk, men støtta elles ikkje opp om ideane til laget i den daglege drifta. Selskapet eigde og dreiv òg hotellet Sandviken Brygge hotell ein periode.

Fram til sumaren 2018 eigde og dreiv Ervingen Eigedom a/s eigedomane i C. Sundtsgate der hotell Hordaheimen held til. Bygget, som eigentleg er fire eigedomar bygd på ulike tidspunkt, framstår etter siste ombygging og påbygging i 2007 som ein heilskapleg hotellbygning.

Historiske selskap:

  • L/L Kaffistova til Bondeungdomslaget i Bergen (1912-1963). Namneskifte i 1963.
  • Lagsbruki til Bondeungdomslaget i Bergen L/L (1963-2009).
  • L/L Hordaheimen
  • AS Novus 1979-1999

Eigarlag pr. 2013:
Bergen ungdomslag Ervingen, skipa 2. mars 2005, er ei vidareføring av Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen.

Lagsbruk i aktivitet i 2013:

  • Hordaheimen, C. Sundtsgt. 18. Etablert 1917.
    Hotellet er utvida gjennom åra ved kjøp av Standgata 75 og 77, og Holtegården
  • Hordastova, C. Sundtsgt. 18. Frå 1918.
  • Lagshuset Fensal. Kong Oscars gate 15. Kjøpt i 1965.
  • Lagshuset Gimle, Kong Oscars gate 18. Kjøpt i 1915.

Nedlagte/avvikla bruk BUL Bergen:

  • Kafe Bergenhus, Strandkaien 4.
    Eigar: Vestlandske salgslag/ Fellesmeieriet. Hordaheimen sto for drifta nokre få år. Arve Sæle overtok drifta på 1990-talet.
  • Kaffistova, Torget 1.
  • Skytningsstova i Strandgt. 77.
  • Kaffistova Paradis
  • Kaffistova Løvstakken. (Kafé Løvstakken L/L) Danmarks plass.
  • Cort Piil-Smauet 7. Hybelbygg
  • Arnastova, Indre Arna (1965-1970)
  • Isbaren Snorre
  • Selsvik gard

Nedlagte/avvikla bruk BUL Ervingen:

  • Skytningsstova aat Ervingen, Strandgt. 77 (1903-1922)
  • Skytningsstova aat Ervingen på Torget. Adr. Torget 15. (1907-1918)
  • Matsalen Symra i Håkonsgate  39. (1920-1941)
  • Skytningsstova/Matsalen til Ervingen, Gimle, Oscarsgt. 15.
  • Ei lita kaffistove i lagsrommet i 2. etg.  i Gimle. Tok over etter Matsalen i 1. etg. Frå 1924
  • L/L Kaffistova til Ervingen i Torgegaarden, Strandkaien 2B. (1927-2009)

Ein kan lese meir om lagsbruka til Ervingen mellom 1900 og 1975 her.

Gimle, Kongs Oscars Gate 18

Gimle, Kongs Oscars Gate 18

Laga av Lauen Dans&Design