Historia

Bergen ungdomslag Ervingen blei skipa den 2. mars 2005 då Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen slo seg saman.  Men historia starta meir enn 100 år tidlegare.

Bondeungdomslaget Ervingen blei starta i året 1900 for å gi landsungdom ein stad å samlast i Bergen.  Det var ikkje noko vidare godt sosialt miljø for landsfolk i Bergen sist på 1800-talet.  Skulle folk koma saman i byen, var tilbodet helst ølhallar, og dei unge gutane som kom til byen, hamna lett der.  Det trongst verkeleg eit lag i Bergen der landsungdom kunne samlast, og dette var ei viktig årsak til at Ervingen blei skipa.  

Dei andre beina som laget kom til å stå på, hadde samanheng med særnorsk kultur og framfor alt målsak.  

INNHALD

Bakgrunn ⎜To likeverdige lag

BUL Ervingen:
1900-1911 ⎜1911-1924 ⎜1925-1939 ⎜1940-1945 ⎜1945-1959 ⎜1960-19741975-1989 ⎜1990-1999

BUL Bergen:
1900-1911  ⎜1911-1924 ⎜1925-1939 ⎜1940-1945 ⎜1945-1959 ⎜1960-1974 ⎜1975-1989 ⎜1990-1999

Bergen ungdomslag Ervingen:
Samanslåinga (2000-2004) ⎜Eit nytt lag vert til (2005-2015)

Bakgrunn

Heilt sidan landet blei sjølvstendig i 1814, var her stor interesse for gamal norsk kulturarv. Kultureliten var rett nok i stor grad oppteken av å halde i hevd den dansk-norske arven, og gjennom den halde kontakten med europeisk åndsliv.  Likevel var der mange som samla folkeviser, eventyr og segner, folkemusikk, husbunad, husflid, kulturarv i alle former.

Mange var interesserte i det norske talespråket, altså i dialektane. Rundt 1850 kom Ivar Aasen med ordbok og grammatikk, og hadde skapt eit særnorsk skriftspråk basert på dei norske dialektane.

Mållag fanst alt tidleg, – rundt 1890 finn vi om lag 30 slike lag med bortimot 3000 medlemer. Etter kvart kom fylkeslag til, men Noregs Mållag blei ikkje skipa før i 1906.

Frå 1870-åra dukka dei første ungdomslaga av såkalla «frilynd» art opp.  Dei hadde bakgrunn i dei grundtvigske folkehøgskolane og i tidlegare lese- og samtalelag på bygdene.  Dei dreiv kulturell aktivitet med bakgrunn i norsk kulturarv, dei dreiv folkeopplysning med foredrag, ordskifte og bokutlån.

I motsetning til kristelege lag, fråhaldslag, mållag, skyttarlag og andre lag med særinteresser, blei ungdomslaga lag for ungdom flest.  Dei skulle være trivelege og trygge tilbod til bygdeungdom med ulik sosial bakgrunn og livssyn. Alkoholen blei rett nok halden utanfor laga, men det var for miljøet sin del, ikkje fordi folk måtte væra fråhaldsfolk for å gå der.  Og enda om mange medlemmar i ungdomslaget brann for målsaka, var aldri målarbeid ein eineaktivitet for laget.

Ungdomshusa blei svært viktige i lagsarbeidet, både dugnadsinnsatsen for å bygge dei og halde dei ved like, og fordi husrom er nokså vesentleg for å drive eit lag.  Og om laga heitte ungdomslag, var der nok ikkje aldersgrense for å gå der, ungdomslaget blei ofte viktigaste samlingsstaden i bygd og grend for alle aldersgrupper.

Aktivitetane i bondeungdomslaga var mange, og dei fekk så mykje medlemer at dei makta å ta fatt med til dels store tiltak.  Dei kjøpte eller bygde lagshus, dei bygde lagshytter, sette i gang kaffistover og jamvel hotell, og dei dreiv songkor, amatørteater, idrott, leikarringar, skyttarlag.

Vi kan altså seie at Ervingen blei skipa fordi folk hadde bruk for eit slikt lag.  At laget blei slik det blei, var fordi det var laga etter ein mal som alt fanst for andre slike lag, og desse laga hadde vist seg å ha livsrett.

Til toppen

To likeverdige lag

Det var to likeverdige lag, Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen som etter tusenårsskiftet arbeidde fram eit grunnlag for samanslåing av dei to laga.

Ervingen hadde feira sine hundre år som eit ektefødd barn av Vestmannalaget, og BUL i Bergen som vart skipa 27. april 1909 etter ei kløyving i moderlaget må såleis kunna seiast å vere eit barnebarn av fyrste mållaget i landet. ”Syskenlag” er nok likevel eit meir dekkande omgrep på dei to laga. Det inneber elles at syskenkjærleiken til tider kan ha blømt og jamvel ”kokt over” når usemja var stor innomhus, men at det helst var samarbeid og felles front som prega dei to Bondeungdomslaga utetter.
Sunn tevling og tildriv til å vera det beste laget har nok stundom ført til positiv synergieffekt, og ein kan gjerne sitera Ivar Åsen: ”Fram då frendar i fredlege kappsteg…”

Hundreårssoga til Ervingen er ført i pennen av Kårmund Myklebost, Ivar Eskeland skreiv 50-årssoga til BUL i Bergen, Harry Frøysland var skriftsstyrar for eit ti-årsskrift i 1969 og eit 20-årsskrift i 1989. I 2003 gav laget ut eit skrift: ”Selsvik i Fana – gard og utferdsstad for Bondeungdomslaget i Bergen i 80 år” med Øystein Skjæveland som skriftstyrar.

Sidan historia om Ervingen alt er skriven med utgangspunkt i hundreårsskriftet, er det rettast å la det vidare stoffet vere todelt, historia om Bondeungdomslaget i Bergen vert difor i hovudsak henta frå dei nemnde skrifta. Av praktiske grunnar vil ein heretter ofte nytta nemningane ”Ervingen” og ”BUL” om dei to laga.

Til toppen

Dei første åra (1900-1911) – Ervingen

I daverande Kristiania skipa dei Bondeungdomslaget hausten 1899.  Det inspirerte, og Vestmannalaget i Bergen kalla inn til møte med formål å få i gang eit lag for bygdeungdom også i Bergen.

13. mars 1900 samlast folk i Haandverkerforeningen, og heile 55 personar sa seg interesserte i eit slikt lag. Ei nemnd blei sett ned for å førebu laget.  Alt 2 dagar seinare hadde nemnda ferdig eit utkast til lover, og skipingsmøtet blei tillyst til 20. mars.  Der blei lover vedtekne «etter ein noko kvass ordstrid», – og laget var i gang.

Det som står i første paragraf i lagslova om «hugnad» ble eit viktig element.  Laget hadde sin første fest knappe 7 veker etter skipinga, og festar hadde dei flust av framover.

Husvære
I 1901 skaffa laget to rom i Jonsvollsgaten 8.  Dei var for små for møteverksemd, men laget fekk i stand såkalla lesestove der.  I praksis blei det ein stad der lagsfolk kunne komme saman om kveldane for og hyggje seg.

Det var ikkje berre enkelt å skaffa hus til lagsmøta. Den første tida heldt Ervingen møta sine i Haandverkerforeningen, i Handverkssvendenes foreining, i «Jurylokalet» (seinare Domkirkens menighetshus), i losje «Fremad», i «Sjømandssamfundet» og i «Bjørgvin» for å nemne ein del lokale.

I 1902 flytta laget med lesestova og andre aktivitetar til Engen 21 der plassen var langt betre, så der kunne også ein stor del av lagsmøta haldast.  Men venta dei storinnrykk, måtte dei også no få tak på større lokale.  Frå tid til anna hadde nemlig Ervingen møte med tilstellingar med allment tilgjenge, t.d. spelstemner, og då leigde dei «Eldorado» eller foredragssalen på Bergen Museum for å få plass nok.

Frå nyttår i 1904 og ei tid framover heldt Ervingen lagsmøte i «Folkets hus» annakvar onsdag.  Lagsflokken var blitt så stor at plassen i dei mindre lokala blei i knappaste laget.

Aktivitetar

Laget sette i gong to viktige aktiviteter frå første hausten av, songkor og amatørteater.  Folkedans blei også ein viktig aktivitet, men første kurset kom ikkje før hausten 1902, og faste dansekveldar kom året etter.

Ervingen var i høg grad eit folkeopplysande lag i denne perioden. Svært mange ulike emne kom opp på lagsmøte, og foredragshaldarane var til dels landskjente folk.  Dertil tok laget til å kjøpe inn nynorske bøker og fekk etter kvart ei lita boksamling som medlemene lånte frå.

Folkemusikk var også ei norsk kulturform som laget ønskte å støtte opp under, og det var stadig kjende spelemenn på gjesting.  Ervingen fekk seg eigen spelemann, Arne Bjørndal, som skulle spela på møte og festar og ikkje minst når dansarane hadde bruk for han.

Men laget var også eit mållag, dette er særleg poengtert i lagslova.  Det arbeidde for nynorsken på forskjellig vis og hadde svært ofte språkpolitiske tema på lagsmøta.

Teater

I dei første lagslovene er amatørteater trekt fram som ein naturleg aktivitet for Ervingen, og alt 26. mars 1900 blei Spellaget skipa (Spelelaget som det heitte frå først av) med om lag 20 medlemer.  Og kva anna stykke kunne dei starte opp med enn «Ervingen» av Ivar Aasen?  Faktisk stilte Bergens Tidende opp og gav god kritikk etterpå! Dei seier: «Det var Bygdeungdomslaget Ervingen sitt nyskipa spellag som hadde si første røyning.  Upptaket var ikkje uheppe».

Aktiviteten var stor, Spellaget var med på 3 «spelstemnor» til før jul, stadig i samarbeid med Vestmannalaget.

Det største problemet var nok husspørsmålet.  Einaste skikkelege teaterscene som kunne leigast i Bergen var Eldorado (kinolokale frå ca. 1905), men her var husleiga så høg at risikoen blei alt for stor.

Frå tid til annan reiste Spellaget stadig på turar med spelstykka sine, og no var dei sjølvstendige, uavhengige av Vestmannalaget.  Dei var i Haugesund i 1904 og på Stord i 1905.

Leik og dans

Rundt slutten av 1800-talet var nasjonale norske dansar lite kjende. Pietistiske strøymingar hadde ført til at dans og felespel blei oppfatta som synd i store delar av folket, så svært få heldt musikk- og dansetradisjonane oppe.

På eit spelstemne i desember 1900 blei det vist nasjonale dansar, og lagsstyret fann ut at det måtte gjerast ein innsats for å få dansen fram i dagen. Det same gjentok seg våren 1901 og 1902, men utan at det vart meir av det enn framsyning og teori.

Men i juni same året hadde Ervingen ein lagstur til Valestrand, og der deltok 80 lagsfolk + Hulda Garborg. Ho hadde vore på Færøyane og studert songdansen der.  Norsk songdans hadde stort sett døydd ut, men på Færøyane levde denne danseforma i ubroten tradisjon (og gjer det stadig).  Hulda var oppglødd og ville føre dansen inn att her i landet, og på turen til Valestrand blei han «mykje dansa på ferdi», som det står i referatet.

Rett over sommaren same året sette Ervingen i gang med eit kurs som dei kalla «danseskule».  Heile 60 personar var med på dette kurset som vara fram til jul.  Hulda Garborg drog kurset i gang, men elles var det heldt av eigne krefter.  Dermed var folkedansen komen inn i laget.

I mest alle desse første åra heldt Ervingen kurs for å lære folk å danse dei gamle bygdedansane, slik som springar, tretur og rull.  I førstninga kunne så få dei, at desse dansane mest hadde status som reine framsyningsdansar, men etter kvart fyltest golvet meir og meir når spelemennene strauk dei opp.

Elles var det strid om runddans kunne godkjennast. I ein periode var slik dans forboden, men frå 1907 var runddansen stuerein, rett nok alltid den «gamle» typen.

Songlaget

I dei første lagslovene sto det og at Ervingen burde ha et songlag, og «Songarlaget» blei skipa alt 26. mars 1900.  Det blei vedtatt å vente til hausten med å starte øvingane, men då øvingane skulle ta til syntest leiaren at interessa var så lita at han trekte seg.  Seinare på hausten kom øvingane likevel i gang, men no under annan leiar.  Trass i rimeleg bra frammøte blei opplegget litt haltande, songarane var for ustadige, lite flinke til å møte på kvar øving.

Leiaren reiste frå byen og ny leiar overtok på vårparten 1901. Fleire gonger i tida etter blei songlaget starta opp, halta vidare og lagt ned igjen, inntil det den 22. januar 1906 blei sett i drift på nytt, denne gongen med medlemmer som leiaren sjølv valde ut.

Denne gongen varde det.  Kanskje gjekk det betre fordi det blei sterkare samhald mellom songarane.  Dei ikkje berre song, dei tok til fast å gå fjellturar saman om søndagane.  Og dei blei raskt så gode at dei fekk mange høve til å la seg høyre offentleg, også utanfor laget, og også utanfor Bergen.

Målarbeid

I dei første lagslovene står det i §2: «Det samarbeidar med Vestmannalaget for norsk maal, sed og skikk».  Ervingen skulle altså drive målarbeid, og laget hadde ikkje vore lenge i drift før det skipa til sitt første «maalskeid».  Her fekk folk ei kort opplæring i å bruke landsmålet (som nynorsken hette den gangen) både munnleg og skriftleg.  Slike kurs heldt Ervingen mange av, og i 10-årsskriftet heiter det: «Det er ikkje så radt faa byfolk som ogso hev søkt desse skeidi».

Før årsskiftet 1903/04 ville Vestmannalaget ha Ervingen med på å skipe «ein politisk fylking, daa ikkje noko politisk parti ville fremja maalsaki soleis at me kunde vera tente med det».  Ervingen ville ha ein rein målorganisasjon utan politisk struktur, og vann fram med sitt syn.  Den 5. april 1904 blei «Det vestlandske maalag» skipa.

«Norigs ungdomslag» og «Studentmaalaget» tok til å gi ut målbøkene «Norske folkeskrifter», og Ervingen såg det som ei viktig oppgåve å spreie desse bøkene.  Lagsmøte 2. mars 1904 vedtok å ha eit målkontor i lesestova med kontortid 2 timer ein gong for veka.  Kontoret «..hev til fyreloga aa selja norske folkeskrifter og gjera andre bøker og skrifter paa norsk lett tilgjengelege for landsfolket paa Vestlandet». Dertil skulle det halde greie på korleis nynorsken sto på Vestlandet i skule, kyrkje og kommune-administrasjon.

Hausten 1904 blei Gula Tidend grunnlagd.  Heile målmannsflokken, med Vestmannalaget i spissen, sto bak. Ervingen støtta opp med å kjøpa aksjar for 1000 kr. frå ein slunken lagskasse, verkeleg ein stor sum.

I 1908 tok målkontoret opp forlagsverksemd og gav ut fleire bøker, m.a. nyutsending av nynorsk ordbok av dr. Vidsteen.  Men det økonomiske løftet blei så tungt at i desember 1909 vedtok Ervingen å slutte av bokhandelen og leggje om aktiviteten til å vera eit opplysningskontor for ungdoms- og målarbeidet på Vestlandet.

Kyrkjeleg arbeid

Ervingen var aldri tenkt å skulle drive religiøs aktivitet, men laget har frå dei første åra støtta kyrkjeleg arbeid.  Hovudårsaka til dette var nok meir målsak enn misjon.

Alt før hundreårsskiftet skipa Vestmannalaget sporadisk til gudstenester på nynorsk.  Noregs ungdomslag gjorde opptakt til å få meir nynorsk inn i gudstenestene på Vestlandet, blant anna med krav om at stiftskapellanane skulle preike på nynorsk. Det blei arbeidd med fleire måtar for å få dette til, ein av dei var at ungdomslaga skulle skrapa saman 1400 kr. i året for å dekka meirkostnadene.  300 kroner av desse ville falle på Ervingen.  Noregs ungdomslag hadde problem med å få nok pengar inn, men Ervingen ville ikkje betala meir.  Der imot gjekk laget i 1907 med på å dekkje kostnadene ved dei nynorske gudstenestene i Bergen.  Laget sette ned ei nemnd som skulle ordne det praktiske ved desse gudstenestene.

Saumarlaget

Saumarlaget blei skipa i desember 1904 med føremål å laga ting som Ervingen kunne selja på marknadene sine.  Men laget hadde og ei sosial side, det fungerte som ei jenteklubb i laget.   I den første tida hadde dei ikkje faste møtekveldar, dei kom saman av og til, og særleg når dei skulle skaffe ekstra pengar til hovudlaget.

Målmarknad med framsyning av norsk bygdekultur

På eit lagsmøte i januar 1902 kom tanken opp om ein marknad i Bergen til inntekt for arbeidet med nynorsken, ein målmarknad.  Ein slik marknad hadde vore svært vellykka i Oslo hausten 1898, og styret fekk fullmakt til å arbeida for å få i stand ein marknad i samråd med Vestmannalaget.

4. oktober 1902 opna marknaden med ei brureferd der alle var bunadskledde; det var ikkje noko vanleg syn i Bergen på den tid.  Brureferda gjekk gjennom sentrum og enda opp i Logen der marknaden var.  Det står i referatet at Torgalmenningen var som eit einaste folkehav, og at «gamle folk som var oppvaksne paa landet, stod og gret», så rørte var dei.

Hulda Garborg kom til Bergen for å hjelpe til med å vise folkedans på marknaden og for å halde kurs.  Og dansa blei det, ein av deltakarane uttrykte det slik: «»Me heldt paa aa dansa oss mest forderva desse marknadsdagane».

Brureferda under marknaden var så vellykka at i 1904 spurde 17.maikomiteen i Bergen om Ervingen ville få i stand eit tilsvarande brurefølgje som kunne vera med i hovedprosesjonen.

Etter prosesjonen hadde Ervingen ei stemne, det vil seie eit ope lagsmøte, der hovudinnslaget var skodespelet «Ei hugvending», og der var felespel av Olav Mo frå Valdres og framsyning av bygdedansar.  Seinare hadde Ervingen årvisst i mange år slike stemner 17. mai.

Bilete frå Målmarknaden til Ervingen ein gong mellom 1905 og 1910

Bilete frå Målmarknaden til Ervingen ein gong mellom 1905 og 1910

Kaffistover, økonomi og eige hus

Laget starta med null kapital, og da som no kosta det å drive.  Husleige måtte betalast, talarar til møter kosta iblant, enda mange tala gratis, og laget starta nesten straks med å byggja opp ei boksamling.  Spellaget kom raskt i gang og hadde mange offentlege framsyningar.  Det gav inntekter, men dei hadde problem med å finne så store lokale at det kunne bli pengar av det.

På lesestova var ikkje mat og drikke å få kjøpt, og det syntes mange var eit sakn.  Derfor kom tidleg tanken opp om å få i gang ei kaffistove.  Laget såg dessutan snart at det måtte satse på eige hus, skulle dei mange aktivitetane i laget få utfalde seg.  Ei kaffistove ville kunne gi inntekter til laget og kapital til hus på lenger sikt.  Sal av mat diskuterte dei første gong i samband med opplegget til 17. mai 1902, då heiter det i eit vedtak: «Fær laget eit høveleg hus, freistar me faa til utsal av nasjonal mat».

Fleire initiativ rann ut i sanden, men etter positiv interesse frå Vestmannalaget blei det søkt aktivt etter eigna lokale utover i 1903.   27. august vedtok styret å slå til på eit tilbod om andre, tredje og fjerde etasje av Koren Dahl sitt nye hus i Strandgaten 77.  Her plasserte dei kaffistova i andre etasje.

Kunstmålaren Olav Rusti (han med «Urdi») fungerte som interiørarkitekt, møbelsnekkar Krag laga møblane og Marta Kinsarvik pynta skåpa med rosemaling.

Rusti kom med framlegg om å kalla stova for «Skytningsstova».  Mange i lagsflokken syntest det var eit merkeleg namn, men etter eit ordskifte der diverse namn var fremme blei namnet «Skytningsstova» vedteke.  Stova blei opna 26. oktober 1903.

Særleg godt gjekk ikkje stova frå først av.  Ho låg langt frå sentrum og namnet var ikkje heilt godt.  Mange kom inn for å skyte, ja endå seljarar av pussemiddel for gevær kom innom.  Men etter kvart arbeidde både stove og namn seg inn, og drifta gjekk betre.

Det var ikkje plass og utstyr i denne første kaffistova til å laga middagsmat, så dette var verkeleg ei kaffistove.  Men litt pengar kom inn, Ervingen kvitta seg med gjelda til innreiing og var stadig på utkikk etter betre lokale.

I 1907 fann dei eit nytt lokale som dei likte, Torget 15, og den 13. november blei «Skytningsstova aat Ervingen».  Denne gangen krangla dei ikkje om namnet, dei rekna det som innarbeidd frå Strandgaten.  Den gamle Skytningsstova heldt fram drifta som før.

Den nye stova hadde plass nok til å servere middag.  Det auka fortenesten ein del, men drifta var etter måten dyr, så overskotet blei aldri stort.  Men det kom jamt og trutt inn ein del pengemidlar.  Litt av dette blei brukt på lagsdrifta, noko blei løyvd til ymse gode formål, resten blei sett i fond med tanke på å skaffe laget eige hus.

Konflikt i laget

Ervingane var ikkje alltid samde om kva som var viktig og mindre viktig i laget. Særleg stod det strid om kor sterkt laget skulle støtte målarbeidet økonomisk. Vi må hugse at laget hadde lite pengar å rutte med. Dei pengane ein gav ut til målarbeid, kunne ikkje brukast til lagsarbeid.

Gula Tidend starta opp i 1904 som nynorskavis i Bergen, og avisa var frå første stund avhengig av støtte frå mållaga i Bergen. Ein marknad hausten 1907 skulle skaffe pengar, men striden blei hissig i Ervingen om kor stor del av overskotet skulle gå til Gula Tidend, og kor mykje Ervingen skulle få. Det enda med at Ervingen trekte seg ut av arbeidet med marknaden, og eit stort mindretal i laget var svært misnøgd med dette.

Eit anna stridsspørsmål var om Ervingen skulle vera med i Hordaland ungdomslag eller vera direkte innmeld i Noregs ungdomslag. Ervingen gjekk ikkje inn i Hordaland ungdomslag, og det same mindretalet kjende seg atter overkøyrt.

I 1909 melde leiarane for mindretalet seg ut av Ervingen. Dei tok med seg meiningsfellene sine og skipa eit nytt lag, Bondeungdomslaget i Bergen.

Når ein les referata frå denne tida, synest striden om marknad og Hordaland ungdomslag ikkje å vera heile bakgrunnen for kløyvinga av laget. Det var også ein maktkamp, og kanskje var dette hovudgrunnen til konflikten.

Til toppen

Ein gong mellom 1923 og 1925. Fanene til BUL Bergen og BUL Ervingen framfor Bankgata 8.

Ein gong mellom 1923 og 1925. Fanene til BUL Bergen og BUL Ervingen framfor Bankgata 8.

Dei første åra (1900-1911) – BUL

Idealisme og lagskultur
Det har vorte sagt at dei to laga utvikla sin eigen lagskultur. Medan Ervingen etter kvart la størst vekt på ”hugnad og studnad for einannan”, var det i BUL viktigare å stø merkesakene – i lagslova uttrykt slik: ”Laget arbeider fyre at det norske målet kjem i bruk atter i alle høve….”,  truleg utan at det vart mindre ”hugnad” i laget av den grunn. Det er i alle høve eit faktum at dette vart lagt til grunn for utbrotet or Ervingen i 1909, dette er omtala annan stad.

Truleg er det urett å stigmatisera med uttrykk som ”typisk Erving” eller ”typisk Bulling”, men som nok har vorte uttalt ved ulike høve dei siste hundre åra – og som kanskje enno heng i lufta i det samanslåtte laget.

Det som i alle høve er rett, er at begge laga ut frå  idealistiske grunntankar, ervt frå Vestmannalaget, har gjort ruvande innsats for ”norsk maal, sed og skikk”.

Utan at det truleg finst formulert i lagspapira, har det nok vore lagt til grunn viktige strategiar for fremjing av norsk mål, gjerne kalla ”landsmål” og seinare ”nynorsk”:

  • Ta målet i bruk i skuleverket – grunnskulen
  • Norsk mål i styringsverk – kommunalt administrasjonsmål
  • Kyrkjemål – bibel, salmebok og liturgi
  • Norsk mål i forretningslivet
  • Målet i pressa – seinare også kringkastinga
  • Norsk  teatermål

Utan å fremja norsk mål innan desse områda, ville ein aldri nå føremålet ”i alle høve”, som vel må tolkast ”på alle område”. Men målstriden kosta, og det er skjemta med at målfolk lyt vera meir hardhuda enn folk flest….

Bondeungdomslaget hadde elles nedfelt i lagslova tilknytinga til landsungdomen såleis:
skal sers halda uppe morsmålet og målsansen hjå den landsungdom som flytjer inn til Bergen,
og vil difor søkja samarbeid med ungdomslag og mållag på bygdene, so det kan fremja samhug og samkjensla mellom målfolk i by og på land.

Men no lyt Ivar Eskeland få sleppa til:

Starten – og litt før
Ivar Eskeland skriv mellom anna:
Ervingen skal samla norsklynd ungdom i byen og arbeida for ”norsk maal, sed og skikk, og til hugnad og studnad for einannan”. Det har Ervingen gjort. Og det til gagns. I alle år. Når ein så har slite og bala i nokre år for å byggja opp eit lag, er det ikkje ventande anna at ein kjem til å leggja vinn på å fremja l a g s b a t e n  i eitt og alt. Det er ein fin, ein gjæv tanke. Og det er ikkje nokon prinsipiell motsetnad mellom lagsbate-tanken og arbeidet til stønad for dei idear og saker som eit lag har teke på seg å hjelpa fram. Det treng i vissa ikkje vera det.

I 1904 vart Gula Tidend grunnlagt. Frå fyrste stund stødde dette bladet seg til dei norsklynde laga i Bergen. Eit spørsmål om pengestønad frå Ervingen til bladstarten valda ikkje lite strid i laget.
Det kom etter kvart fleire store saker opp i Ervingen som det vart prinsippiell usemje om. Spørsmålet om eim  m å l m a r k n a d  var det likevel som sette kilen i lagsflokken og kløyvde han til slutt.
Same flokken som hadde halde på at Ervingen ikkje skulle krevja noko for seg sjølv av marknadsoverskotet, ville at laget skulle gå inn i Hordaland Ungdomslag. Fleirtalet ville at laget skulle melda seg beinveges inn i Noregs Ungdomslag, og det vart då vedteke.

Meir vart det ikkje av denne saka i Ervingen; resultatet av henne vart m.a . eit nytt ungdomslag og mållag i Bergen; og sidan har det vore godt samarbeid mellom dei to laga . Båe har dei teke store lyft for sine føremål og ideal, og synet på mål o.a. stridsspørsmål  har alltid vore stort sett sams, det har i vissa aldrig fylgt lagsgrensene.

Det brydder og gror
Det er fyrste steget som kostar, heiter det. Noko er det i det. For eit lag er starten ovende viktig. Og i dette laget var det drivne karar som stod for styringa.

27. april 1909 møtte det 33 unge kvinner og menn i ”Nye Totalen. Dei gjorde samrøystes vedtak om å skipa laget, og døypte det ”Bodeungdomslaget i Bergen”.

Lagspengane vart sette til kr. 4 for menn og kr 3. for kvinner. Fyrste lagsmøtet vart halde 5. mai.
– Sidan den gongen har Bondeungdomslaget – hovudlaget – skipa til nær innpå 1000 lagsmøte! (OBS 1959)

25. mai vart laget innmeldt i Hordaland Ungdomslag, og med det fekk fylkeslaget ein god og viktig tilvokster. Eit snautt år seinare, i februar 1910, vart det vedteke at laget skulle melda seg inn i Vestlandske Mållag. Gjennom desse to fylkeslaga vart laget knytt saman med frilynd ungdom og med målfolk i heile landet.

Kvar skal me møtast?
Skipingsmøtet var som nemnt i ”Nye Totalen” – betre kjent som ”Gimle”. I byrjinga førde laget eit flakkande tilvære når det galdt husvære,  Gimle var slett ikkje alltid tilgjengeleg når ein trong møtelokale.
Eit arbeidande lag treng ikkje berre møtesal. Styret skal ha møte, nemnder må og ha ein stad å møtast. Serlagsverksemda set krav til øvings- og møtestader. Difor såg Bondeungdomslaget det som eit stort framsteg då det hausten 1911 fekk seg eit leserom på Smørsalmenningen.
Strandgata 77 var samlingsstad frå fyrst i 20-åra til ut i 50-åra. Gleda var stor då nytt fint lagsrom  i Cort Piilssmau7 kunne takast i bruk i 1954.
Når det trongs større lokale til lagsmøte, festar osb, var det annleis. Men i 1924 ordna det seg endeleg med eit vissare tilhelde for laget. Storebror Ervingen såg i nåde til yngrebroren og leigde bort Gimle til ein rimeleg pris.
Men endeleg: Frå 1965 fekk laget større ålbogerom ved kjøpet av Kong Oscarsgt 15, ”Fensal”. Her var salar til øvingar, lagsmøte og festar. No trong ein ikkje lenger søkja etter rom andre stader, men fekk prioritet ved leige av salar i eige hus til leikkurs og andre tilskipingar. Husleiga måtte ein likevel betala som ein måtte det i Gimle og andre stader før, såleis hadde nok Ervingen framleis eit konkuransefortrinn…

Teaterarbeidet
Elles har det vore mykje om å gjera for styret å få til eit spellag, og utpå hausten fekk dei skodespelar, seinare teatersjef Ingjald Haaland til å ta arbeidet på seg.

Alt i januar 1910 hadde Haaland makta smi i hop  Spellaget  til ei framsyning: ”Fanten og Kjerringi”.

Sumaren 1910 gjorde Spellaget i Bondeungdomslaget den vidgjetne ferda til Fahlstrøms teater i Oslo – og sådde eitt av dei frø som vart ein spire til Det Norske Teatret.

Til toppen

1911 – 1924 (Ervingen)

Kløyvinga av laget i 1909 var sjølvsagt eit visst tilbakeslag for Ervingen.  Det var ikkje ein veldig stor flokk som braut ut, men det var ein del av dei mest aktive i laget.  

Laget tok seg snart inn att, og medlemstalet kom raskt tilbake til om lag der det låg før skilsmålet.  Om ein reknar med medlemstalet i det nystarta Bondeungdomslaget i Bergen gjekk medlemstalet monaleg opp

Gimle blir kjøpt
Det er ikkje lett å driva lagsarbeid utan fast tilhaldsstad, og det viktigaste som skjedde i denne perioden var nettopp at Ervingen fekk seg eige hus.  I 1915 kjøpte laget eigedomen Gimle, Kong Oscars gate 18, der dei fleste aktivitetane går føre seg den dag i dag.

Kafédriften
Med Gimle følgde kafé med middagsservering, og denne dreiv Ervingen vidare ein periode.  Rundt 1920 måtte begge dei gamle kaffistovene til Ervingen flytte ut av dei leigde lokala sine, men fekk i staden «Symra» i Håkonsgaten.

Bondeungdomslaget gjekk i 1917 inn med halve aksjekapitalen i L/L Hordaheimen.  Like etter kjøpte selskapet heile den bygarden der hotellet, – og Skytningsstova, låg.  Dei sa opp Skytningsstova, som først ikkje ville flytte ut, men som tapte utkastingssak i byretten i 1922.

Lagsmøta
Som i det første tiåret var lagsmøta ein vesentleg del av aktiviteten, og på dei aller fleste lagsmøta høyrde eit foredrag med.  Mange av foredragshaldarane var landskjente folk.  Vi kan nemne slike som Christian Michelsen, Peter Hognestad, Amauer Hansen, Anders Hovden, Jens Tvedt, Ella Anker, berre for å ta nokre i fleng.

Målsaka var viktig. Det vestlandske målkontor leverte ein stor innsats, sende ut talarar og informasjonsmateriell og førde statistikk over målsituasjonen i vestlandsfylka.

Særlaga levde vidare.  Både songlaget og spellaget dreiv godt gjennom heile perioden.  Leikarringen blei helst viktigare enn før.  I 1914 heldt Klara Semb kurs i laget for første gong, og ho kom ofte att. Sist i perioden tok dansarane til å reise på stemner i inn og utland.

Fane
Ervingen sette i 1909 ned ei nemnd som skulle arbeide for å skaffe fane, kunstmålar Bernt Tunold utarbeidde fleire framlegg til fane og lagsmerke.  Det enda med at Ervingen tok seg hakekorset (kjent frå norrøn tid, m.a. på tekstilar og gjenstandar frå Osebergfunnet frå 800-talet) til lagsmerke. Det var først 10 år seinare at nazistane i Tyskland tok merket i bruk.

Laget fekk seg idrettslag i 1918.  Dette blei felles for Ervingen og Bondeungdomslaget frå 1920, og i 1922 fekk medlemmer frå alle bygdelaga tilgang til dette idrettslaget.  Vi ser konturane av det som seinare skulle bli «Gular».

Til toppen

Bilete frå ei framsyning av spellaget i BUL Ervingen ein gong mellom 1920 og 1922

1911 – 1924 (BUL)

Det unge laget hadde god vokster så vel i medlemstal som aktivitetsnivå. Frå eit medlemstal på  111 medlemer i 1911, var det meldt om 523 medlemmer i 1921. Og aktivitetsnivået var slik at det mest kan ta pusten frå ein gjennomsnittleg 2014-medlem som har to kontortilsette å stø seg på…

Målsaka var viktig. I januar 1912 var laget vertskap for fyrste gong – men ikkje siste (det var i 1970)! for Vestlandske Mållag. Tufter til det Norske Teater og Bibelen på norsk er stikkord her, og saman med Ervingen og Vestmannalaget gjorde Bondeungdomslaget opptaket til å skipa ”Kyrkjenemndi i Bergen” (1918), 17. mai 1917 vart noko av ein merkedag for byen med festfylgje gjennom gatene, og for fyrste gong fekk bergensarane høyra ein tale på norsk mål.

Lagsmøta
Lagsmøta var ein vesentleg del av aktiviteten, og på dei aller fleste lagsmøta var der eit eller fleire foredrag eller talar, gjerne av landskjente folk.  Vi kan nemne slike som Olav Rusti, Johannes Lavik, Johan Ludw. Mowinckel, Johan Castberg, Anders Hovden m.fl.

Ingen skal seia at foredragshaldarane nokoleis vart meir ublyge med honorar-krav: 22 talarar drog av garde med – kr. 42,80…(1913).

Særlaga var ein grunnpillar i lagsarbeidet. Spellaget var i aktivitet alt frå starten. Leiklaget reknar 1919 som skipingsår, men alt før det fanst serskilt leiklag kom 50-60 eldsjeler saman til faste øvingar så tidleg som i 1915 og jamvel før. Alt i 1911 kom fyrste songlaget i gang, og Barnelaget vart skipa hausten 1918. Men det eldste serlaget var Saumarlaget (seinare ”Konelaget”) som kom i gang hausten 1909.

Fane
Sumaren 1912 hadde laget vedteke å rå seg til eiga fane. Og i merkeåret 1914 tok laget fana i bruk: det gamle norske kongsbanneret, høveleg for eit lag med kongstanke – Olav Rusti var meister for den.

På eigen gard – med flesk og poteter for norsk kultur
Garden Selsvik i  Fana vart kjøpt i 1918 for 28 000 kr. Det var dyrtid og tvangsdyrking – parolen var matauk, jamvel for byfolk. Bondeungdomslaget fekk og si oppmoding – om å dyrka poteter.  Formelt var det  grunnlaget for gardskjøpet, men reelt var det nok høvet til å skaffa laget ein uferdsstad som vog tyngst. Garden vart driven av tilsett gardsstyrar.

I 1920 var den fyrste av dei årvisse selsvikstemnene skipa. Tidlgare statsminister Walter Konow var hovudtalar, og stemna samla ikring 1000 menneske.

Dei Pengane Lagsbruk – Kaffistove og Hotell
I desember månad 1911 vart så den økonomiske grunnmuren støypt, med vedtak om at laget skulle kjøpa Torget 1. Prisen var 130 000 kr. L/L Norsk Herbyrge og Losje Heim hadde alt teikna luter for 5000 kr. Desse to laga skulle skifta likt 40% av overskotet. Resten, 60% skulle Bondeungdomslaget administrera, såleis at 40% skulle gå til måltiltak  (til Gula Tidend! Så lenge det trongst. Og det trongst – lenge.) og 20% til laget sjølv (desse 20% kom i røynda òg i stor mon til å gå til måltiltak!)

Og her byrjar eventyret om ei av dei mest kulturelle kaffistover i dette landet. Den 12. april 1912 vart det halde eit møte i Bergen. På dette møtet vart L/L Kaffistova til Bondeungdomslaget røyndom, ei av dei prektigaste og drektigaste mjølkekyr i norsk reisingsarbeid, ei sann sareptakrukke.

8. juni 1916 drøfte styret eit brev frå Det Norske Teatret, som hadde fått på hand eigedomane Rosenkrantzgata 9 a og 9 b og Kristian 4.s gate 4 i Oslo. Men teaterstyret visste ikkje nokor rykande råd med å skaffa dei 100 000 som vart kravt kontant. Det vart vedteke – samrøystes (og utan alt for mange ord) – at Kaffistova saman med Norsk Herbyrge skulle kjøpa desse eigedomane for teatret. Greitt og einfelt. 100 000 på bordet. Kaffistova lånte, Herbyrget kausjonerte. Desse tuftene er grunnlaget for byggeplanane Det Norske Teatret har (OBS: 1959) – og har gjeve teatret bra leigeinnkome heile tida.

Bibelen på norsk – eit resultat av god kaffistovestyring.
8. januar 1918 gav årsmøtet i Kaffistova til Bondeungdomslaget styret fullmakt  til å gje trygd for utgjeving av Bibelen på norsk. Ingen av laga i Oslo kunne eller ville gje så stor trygd som det her var tale om. Så kom spurnaden til Bergen. Norsk Herbyrge og Kaffistova tok dette lyftet på seg.

Då Norsk Herbyrge rausa saman, stod Kaffistova att med heile vågnaden. Før Bibelen kom i handelen, var trygdeansvaret på nærmare 200 000 kroner. Og det var ein slump pengar den gongen. Prentinga var dyr, men boka vart seld heller snøgt, og tapet for Kaffistova vart til sist ”berre” kring 30 000 kroner.

Med dette vedtaket har Kaffistova sett eit varande merke etter seg i norsk kultursoge.

I 1922 var Bibelfondet på 20 000 kr. avskrive som tap. Same året gjekk lutlaget saman med L/L Hordaheimen om å driva Strandgata 77 som ”skytningstova”. (I 1923 kjøpte Bondeungdomslaget sjølv Skytningsstova, som Ervingen før hadde drive sidan 1903).
Det året byrja dei økonomiske vanskane å tordna seg opp for Norsk Herbyrge. Så kom krakket, og 23. mars gav dei buet frå seg til skifteretten.

L/L Hordaheimen
I 1917 hadde Norskt Herbyrge saman med Bondeungdomslaget kjøpt C. Sundsgt. 18 for 400 000 kroner. Der var eit stort nybygt hus, etla til herbyrge, men enno ikkje heilt ferdig.  Den 2. november 1917 skipa dei Lutlaget Hordaheimen. Føremålet med lutlaget var å driva ”herbyrge og verksemd i samband dermed”. 25. november kjøpte dei Strandgata 77 for 125 000 kroner. Hotellet opna året etter, i 1918.

Til toppen

1925 – 1939 (Ervingen)

I perioden fram til krigen gjekk lagsarbeidet mykje etter same mønster som i åra før.

Lagsturar
Ervingen tok til å dra på større lagsturar, heilt til Nordfjord og Indre Sogn, oftast i pinsen.  Da viste laget fram alle aktivitetane sine, og dette var ei spore til godt arbeid i særlaga.

Utferdsstad
Mindre turar hadde laget alltid dradd på, og i denne perioden skaffa det seg utferdsstad.  Lenge leigde laget seg stader, men i 1938 kjøpte det seg utferdsstad i Mathopen. Hyttenemnda ville forby dans der, lagsstyret gjekk mot forbod, men «sjølvsagt må det aldri dansast med beksaumstøvlar på».

Treplanting
Elles tok laget opp årleg treplanting frå 1929, og dette heldt fram til langt ut i femtiåra.

Barnelaget var ei nyskaping frå 1928 og blømde ei tid etter ein nokså trong fødsel, men gjekk inn i 1935 fordi laget ikkje greidde å skaffe folk til å drive det.

Til toppen

1925 – 1939 (BUL)

Laget var no etter kvart komen til ”skjels år og alder” og kunne etter kvart feire både 20 og 30 årsdag. I perioden fram til krigen gjekk lagsarbeidet mykje etter same mønster som i åra før, på same vis som i moderlaget Ervingen. I 1938 fekk styret ei oppmoding frå Vestmannalaget om å skipa eit fylkeslag i Bergen. Noko fykeslag vart det ikkje, men ”Bygdelagsnemndi i Bergen” vart skipa i 1939.

Utferdsstaden – Selsvik gard
Selsvik ved Kalandsvatnet var ein populær utferdsstad, gardsdrifta med tilsett gardsstyrar var nok ikkje alltid like lukrativ. I 1928 bygde laget eit naust med to drustelege soverom og ein ”ekteskapskvist” over. Osbana som før gjekk gjennom gardstunet vart nedlagt i 1935, og det medførde ein nedgang i gjestetalet. Men Selsvikstemna var årviss, til vanleg fyrst i juni med kjende talarar, innleigd musikkorps og program ved alle serlaga.

Eigne blad i laget
Eit blad laut sjølvsagt Bondeungdomslaget ha. ”Andvake” – det handskrivne bladet kom fyrste gongen på eit lagsmøte i 1910.
Utetter har Gula Tidend vore rekna som husorgan. ”Meldingsbladet” tok til å koma i 20-åra, oftast 4 gonger i året. Ei tid var årsmeldingane prenta i meldingsbladet, som kom til fram i mot 30-årsdagen i 1939.

Lagsbruka
Frå 1928 og utetter merkar Kaffistova den økonomiske nedgangen og klagar over minkande omsetnad. Alle løner vart skorne ned med 10%. Sumaren 1932 var stoda så vanskeleg at ikkje eingong Gula Tidend fekk sitt vanlege forskot. For dette året gjekk L/L Hordaheimen bardus i bakken: dvs Kaffistova fanga hotellet i fallet – nett over bakken – og berga det. Kaffistova overtok hotellet med eige og skuld. Dei 22 lutene som Norskt Herbyrge hadde ått, låg til sals i skifteretten, men vart ikkje innløyste – laget heldt dei for verdilause. I 1935 vart det gjennomført 10 timars arbeidsdag (60 timars arbeidsveke) for personalet.

Endeleg i 1938 vart det atter, etter mange år, meldt om ”sers godt resultat” ; Hordaheimen kunne få seg varmt og kaldt vatn på roma og nye oppvaskmaskinar… Arbeidstida gjekk ned til 48 timar veke (8 timars dag).

Til toppen

1940 – 1945 (Ervingen)

Krigen la frå første stund ein dempar på aktivitetane, og i 1942 blei Ervingen mellombels nedlagd, enda om ei naziutgåve av laget levde vidare.  Ervingane samla seg i Songlaget som eksisterte som ei uoffisiell utgåve av Ervingen under heile krigen.

Krigsåra 1940 til 1945 blei ei vanskeleg tid også for Ervingen. Da Bergen blei okkupert 9. april 1940, stoppa alt lagsarbeid for ei tid.  Også kaffistovene stengde ei stund, men opna att straks etterpå.

Frå august av kom lagsmøta i gang att, og lagsarbeidet gjekk ei stund på normalt vis.

I april -41 heldt Hordaland ungdomslag årsmøtet sitt i Bergen, og saman med Bondeungdomslaget skipa Ervingen til fest i Gimle for utsendingane.

Nazistane hadde interessert seg for ungdomslaga ei stund.  Dei tok over Noregs ungdomslag og fylkeslaga, og gjekk så i gang med å slå under seg enkeltlaga.  Propagandasjefen i NS kalla styret i Ervingen inn til møte 9. mars 1942 og gjorde kjent at Ervingen no skulle få nytt styre oppnemnd av nazistyresmaktane.  Dermed meldte alle medlemmer av Ervingen seg ut, og etter krav blei lagsbøker og eige levert til statspolitiet.  Det nazist-valde styret dreiv så laget vidare med heilt nye medlemmer, men det går ikkje fram av kjeldene kor stor aktiviteten var.

Nazistane tok også over Bondeungdomslaget, og i mai 1944 slo dei laga samen under namnet Bondeungdomslaget Ervingen.  Også utferdsstaden til Ervingen i Mathopen gjekk med i dragsuget. Derimot blei Selsvik, garden til Bondeungdomslaget, driven av gardstyret gjennom heile krigen.

Dei utmelde ervingane heldt saman etter beste evne, enda om det ikkje var lett, for møteverksemd var forbode.  Størst var aktiviteten i regi av songlaget, som blei laga om til eit eige lag med namnet «Von» etter namnet på lagsbladet.  Dei kom saman i private hus, og det sto på ingen måte berre song på programmet.  Songlaget greidde til og med å lage festar for lagsfolk.  Denne aktiviteten heldt tradisjonane oppe, og dermed gjekk det også greitt å koma i gang att med lagsarbeidet etter krigen.

Elles fanst det eit «jøssinglag» som dreiv vinteren 1942-43, men dei måtte slutte, for namnet gjorde at politiet blei interessert i dei.

Eigedomen Håkonsgaten 39, med Matsalen Symra inkludert blei seld i 1941 før nazistane overtok Ervingen.  Etter at dei hadde tatt over laga, prøvde dei og å få kontroll over Kaffistova på Strandkaien, som no var einaste lagsbruket til Ervingen.  På årsmøtet for aksjeeigarar i februar 1943 møtte nazistformannen opp med krava sine, blant anna om å reorganisere styret. På det tidspunktet åtte Ervingen berre 2/7 av aksjane, så nazistane kom ingen veg.

Da krigen var slutt 8. mai 1945, blei nazistyret vist bort frå Gimle, og formannen blei fengsla.  Rådet i Ervingen kom saman alt 11. mai og la straks opp til feiring av 17. mai.  Lagsfana valda visse problem, for ho hadde på baksida det gamle svastikamerket som Ervingen brukte som lagsmerke.  Det var alt for likt på hakekorset til at det passa i 17. mai-toget, men løysinga blei å sy eit norsk flagg over.

 Til toppen

1940 – 1945 (BUL)

Aktivitetane i laget var om lag som i Ervingen, dvs at laget etter kvart ”gjekk under jorda” medan nazistyret sysla med sitt – utan lagsfolk, mest alle melde seg ut or laget då nyordninga kom. Kr 7.50 i lagspengar var alt som var bokført innkome 1943. Dei venta på

Ein ny dag
Og dei kunne venta med reint samvit. Bondeungdomslaget i Bergen var eit av dei frilynde lag som var hardast utsett. Alt i 1941 byrja arrestasjonane av lagsfolk som dreiv ”illegalt”. Dei to fyrste vart hekta 17. oktober, den eine vart  sendt til Tyskland, han var ein av dei som ikkje kom att. Eit par veker etter kom turen til dei 3 i styret (formannen, varaformannen og kassastyraren – dei vart sendt til Tyskland alle tre). Varaformannen kom att sumaren 1943, dei to andre kom etter kapitulasjonen i 1945.

Songlaget
gjorde i 1940 vedtak om at laget skulle nedleggjast og takast opp att straks vilkåra låg betre til rette. Dei færraste hadde venta at det skulle la seg gjera alt hausten 1941. Då dukka det opp eit lag som kalla seg ”Gry”. Det var i røynda eit dekknamn for det gamle gode Songlaget. Ei tid var medlemstalet oppe i 80! ”Gry” levde til 20. april 1944 (dato for eksplosjonsulukka).

Selsvik gard og utferdsstad
9. april kom det 37 evakuerte til Selsvik, men då var det sers trangt om soveplass, og talet minka etter kvart. Det finst ei dagbok frå 8. april til 28. august der det vert fortalt om då tyskarane hertok Bergen og korleis det var å flytta til Selsvik og vera der den fyrste krigstida.
Den elles årvisse Selsvik-stemna vart det ikkje råd å skip til i 1940. Men det vart halde gilde samkomor på Selsvik jonsok og olsok med talar, song, musikk og leik.

Nazistyret la seg ikkje mykje bort i gardsdrifta. Det Selsvik-styret som sat då krigen braut ut, styrde med garden i heile krigstida.

Lagsbruka
Kaffistova og hotellet vart stengde ”inntil vidare”, men alt i mai heldt drifta fram. Dei pengane som før hadde gått til Gula Tidend, vart no sette av til eit ”fond for nynorsk blad i Bergen”. Lutlagsstyret greidde på ymist vis å halda nazifolket unna livet, men på årsmøtet 1944 troppa nazistane opp med 5 mann, nok til å ta røysteretten frå luteigarane.
Nazistyret herja fåfengt med å få tak i kontoen for nynorsk blad i Bergen, men kom ingen veg med den no ”avsette” styreformannen.

Til toppen

1945 – 1959 (Ervingen)

Denne perioden var ei svært god tid.  Krigen gjorde at interessa for nasjonale verdiar var på topp, og folk flest såg laget som ein forvaltar av nasjonal kultur.  

Liksom før krigen var lagsmøta viktigaste element i lagsarbeidet, og dei fleste hadde stadig karakter av folkeopplysning.

Folkedanskveldar om søndagskveldane var ei nyskaping i 1953, og dei blei raskt umåteleg populære.  Kveldane blei frå første stund skipa til kvar søndag.  Ervingen og Bondeungdomslaget sto for annakvar gong, og folkedanskveldane blei ein viktig rekrutteringsstad for nye medlemer til begge laga.

Leikarringen dreiv godt i heile perioden, særleg bra blei det frå 1952 da ringen blei delt.  Framsyningsringen nådde høg standard, og vann prisar utanlands i 1959.  Same året tok Leikarringen opp Draumkvedet og heldt denne dansen i hevd godt inn i det neste hundreåret.

Spellaget dreiv bra det meste av perioden og blomstra særleg opp rundt 1950 og 1960.  Det ser ut til at dei trong eit jubileum for å få skikkeleg fart i seg.

Songlaget kom ut av krigen med heltestatus, dei hadde halde Ervingen saman i denne vanskelege tida.  Men seinare blei drifta ujamn, og i 1955 blei songlaget lagt ned og kom ikkje i gang igjen i denne perioden.

Barnearbeid blei tatt opp igjen i 1954, og etter det har laget alltid hatt eit barnelag.

Saumarlaga gjekk veldig godt i tida etter krigen, og hadde sine beste år mellom 1950 og 1955.

Utferdsstaden
Da Ervingen fekk tilbake utferdsstaden i Mathopen i 1945 var han noko til nedfalls. Ervingane gjorde ein stor dugnadsinnsats i ei tid då det var vanskeleg å få tak i materialar.  Utferdsstaden var umåteleg populær og mange drog dit kvar einaste helg om sommaren.  Ikkje alltid var det sengeplassar nok, men flatseng i stua var svært sosialt, og sova kunne ein gjera ein annan gong.

Da forsvaret la marinebasen til Mathopen og tok over eigedomen i 1955, fekk Ervingen ein god pris og var økonomisk i stand til å skaffa seg Eidsholmen på Grimseid, ein eigedom på 12 dekar med mykje strandlinje ettersom det eigentleg var ei øy.  Første oktober 1960 var det opningsfest i den nye lagshytta.

Idrettslaget blei lagt ned som særlag i 1946, og i staden blei Idrottslaget Gular skipa som eit felles lag for bygdeungdom i Bergen.  Men Ervingen kjende omsorg for Gular i heile perioden, og gav årlege pengeløyvingar, enda om summane ikkje var store.

Kyrkjenemndi tok over bladet «Stille Stunder» i 1955.  Dei skipa stadig til nynorske gudstenester, men aktiviteten var langt mindre enn i perioden før.

 Til toppen

1945 – 1959 (BUL)

Og dagen kom
Det bar i veg att – etter den gamle stemneleia, stort sett. Hovudlaget kom såleis straks i god gjenge. Det hang litt att med sume av serlaga, men dei fekk lòs på arbeidet etter kvart. Og laget heldt storfeldt feiring av 40-års jubileet, og endå større vart naturleg nok 50-års feiringa, som sjølvsagt vart eit arbeidsmål og dermed eit tildriv til auka aktivitet.

Målsaka
har vore hovudsak i laget, og knapt har det vore eit halvår utan engasjement i dette temaet. På årsmøtet i 1948 var det eit heilt ståk om rettskriving i årsmeldingane. I 1951 vart det skriftleg kasta fram ein brannfakkel: Kan lagsstyret svara på kva som er rette namnet på laget, er det Bondeungdomslaget i Bergen eller er det Bondeungdomslaget i Bjørgvin?

Styret svara: ”Møteboki til Bondeungdomslaget og dei fyrste lovene syner at det ved skipinga i 1909 vart skrive Bergen. Seinare – truleg ikring 1920 – er det skrive Bjørgvin utan at styret kan finna noko i møtebøkene som syner at det er gjort brigde”. Seinare sette namnespørsmålet djupe merke etter seg nokre år, til det i 1955 vart vedteke med 46 mot 45 røyster at namnet heretter skal vera Bondeungdomslaget i Bergen.

Lagsblad
Same året byrja styret gje ut eit stensilert meldingsblad som har kome sidan og vart døypt ”Bodstikka”.

Hytteeigar
I 1956 gav Domkirkens Diakonat laget hytta ”Heimborg” på Byfjellet, Hytta var lita og i skrøpeleg stand og var vel helst meir til hovudbry enn gagn, og laget kvitta seg med gåva etter få år.

Selsvik
I 1952 vedtok styre og råd at løearbeidet kunne setjast i gang. Og i 1954 var bygget ferdig etter ein stor dugnadsinnsats, og i 1956 var det nye hønsehuset ferdig.
Selsvikstemna var eit samlande arbeidsmål, og samla jamt mykje folk i godvér med kjende talarar, spelstykke og program ved alle serlaga. I 1946 og 1947 vert det meldt om strålande ver og 2000 menneske samla, medan spelstykket vart avlyst og stemna flytta inn på låven i 1956 grunna det ufyselege veret og svært ulagleg kollisjon med ei større internasjonal flystemne på Flesland.
Det vart bygt nytt scenehus på stemneplassen i 1948, og nytt dansetile i tunet i 1956, elles var der jamnleg vedlikehald.

Lagsbruka
Styret i laget pressa på for å få att lagsromet sitt i Strandgata 77, og i 1947 vart det vedteke at den famøse veggen mellom forretningskontoret og lagsromet skulle rivast.
Fonna Forlag gav ut det største verket på nynorsk mål, Norsk Allkunnebok, og det vart ytt store tilskot i 1950 til dette, året før teikna ein seg for lutkjøp i det nystarta Norsk Skjemaforlag.

I 1954 fekk lagsbruksstyret fullmakt til å kjøpa Cort Piilsmug 7 for 100 000 kroner med tanke på å skaffa gjenterom. Same året vart det innreidt eit nytt lagsrom med kjøken der, som vart overlevert Bondeungdomslaget. Mot slutten av året vart den gamle tanken om ei utbygging av Hordaheimen med gjennomslag til Strandgata 77 sett i verk.

Moderniseringa heldt fram over brei front. Kaffistova, 2. høgda, vart ”automatisert” med kafiteriadisk i 1955. Året etter kjøpte lagsbruka Dan. Hansensgt. 10 – til hybelhusvære for tenarane.

Til toppen

1960 – 1974 (Ervingen)

Lagsmøta var stadig ein viktig del av lagsarbeidet, enda om frekvensen var blitt litt lågare (annankvar veke). Frå midten av 60-åra ser vi at medlemene i stadig større grad tek seg av programmet på møta.

Første folkedansgildet i Bergen kom i 1966 og var heilt ut Ervingen sitt tiltak.  Nytt gilde i 1967 , også skipa til av Ervingen, blei i tyngste laget for medlemene, så der etter gjekk det tre år til neste gilde.  Da hadde Ervingen med seg fleire lag om tilskipinga.  Samarbeidet heldt fram og blei formalisert i 1975 med organisasjonen «Folkedansgilda i Bergen».

Lagsblad
Etter at det handskrivne «Von» tok til å skrante fekk Ervingen seg trykt lagsblad i 1966. Det har vi hatt sidan, år 2013 var 48. årgang.

Folkedans
Det hendte at leikarringane i Bondeungdomslaget og i Ervingen hadde samdanskveldar hos kvarandre.

Norske kveldar
Ei nyskaping sommaren 1968 var folkedanskveldar for turistar, «Norske kveldar».  I alt 13 slike kveldar blei skipa til av Ervingen og Bondeungdomslaget.  Kveldane vart lagde opp som ein kombinasjon av framsyning og dans, med vekt på at turistane skulle få dansa med.

Ungdomsklubb
Ein ungdomsklubb var i drift hausten 1971, men blei ikkje meir av, laget greidde ikkje å få klubben til å arbeide i tråd med lagsideala.

Loppemarknad
Økonomien var trong, og i 1971 blei første loppemarknaden skipa til.  Loppemarknadene skulle etter kvart vise seg å bli beste inntektskjelda for laget.  Den store dugnadsinnsatsen dei førde med seg gjorde også godt for laget, han styrka samhaldet.

Rebusløp
Første rebusløp gjekk i 1973, og det har vore årvisst sidan.

Til toppen

1960 – 1974 (BUL)

Dette var ein periode med aukande aktivitet og engasjement på mange område. Ikkje minst skuldast det kjøpet av Kong Oscarsgt 15, Fensal. Sist i perioden vert det likevel klaga over sviktande interesse for lagsmøta så vel som for dugnadsarbeid, og medlemstalet gjekk ned.  Skriftstyraren seier det slik i 60-årsskriftet (1969):
Eit avgjerande storlyft
Kjøpet av denne eigendomen skulle syna seg å verta noko av ein milepåle i lagsarbeidet, og aldri har vel aktiviteten i laget vore større enn i dag.
Også stadig fleire byungdomar får etter kvart augo opp for den verdfulle og hugsame verksemda i Bondeungdomslaget i Bergen og sluttar seg til.

Målsaka
var stendig i framgrunnen som før. I 1963 var det eit ordskiftemøte ”Kva kan gjerast for Hordaland Fylkeskommunale Gymnas” saman med Ervingen og Vestmannalaget, og med føreteljing med krav om at denne skulen måtte oppretthaldast – utan at det hjelpte.
BUL gjer opptak til eit nynorsk teater i Bergen” står det å lesa. Og det vart røyndom, meddi det vart valt ei teaternemnd, året etter vart Vestlandske Teaterlag skipa og Hordaland Teater kom seinare i gang.

I målrørsla toppa det seg mellom det ein kalla ”i-målsrørsla” og ”a-målsrørsla”, og som enda med kløyving i organisasjonen. I 1970 vart Hordaland Mållag skipa og tilmeldt Noregs Mållag, Vestlandske Mållag melde seg ut. BUL hadde vore aktiv i denne prosessen og var vertskap for første årsmøtet i det nyskipa fylkeslaget.

I landsorganisasjonane NU og NM var det stort engasjement fram til folkerøystinga om medlemsskap i EEC (seinare: EF og EU). BUL deltok i diskusjonen, men tok ikkje standpunkt i sjølve saka.

Serlaga
var aktive som før, og jubilerte på rekke og rad, og Hovudlaget markerte 60-års-leitet med høveleg festivitas. Konelaget var etter kvart aldrande og vart nedlagt, Saumarlaget som før var kalla Gjentelaget var framleis aktive, og to nye serlag, Selsvikklubben og Viseklubben, kom til. Leiklaget var på reisefot i innland og utland, og Spellaget tok eit storlyft med ”Læraren” i 1965 og gjorde stor lukke med revy ”Buletinen” i 1968

Fast kontorhjelp
Tanken om fast tilsett kontorhjelp var røyndom ved slutten av 1973 i eit samarbeid med Hordaland Ungdomslag, Idrottslaget Gular og Lagsbruki til BUL. I 1967 fekk formannen fast kontortid…..

Lagsfana
Nytt lagsbanner vart avduka i 1966.

Lagsblad
L/L Boktrykk har i 1965 overteke trykkinga av meldingsbladet ”Bodstikka” etter at det i alle år tidlegare har vore stensilert. Bladet har vore prenta i 350 eksemplar kvar gong og sendt i posten til lagsfolk.

Selsvik
Garden vart i 1960 bortleigt til L/L kaffistova frå 1. januar, og laget hadde såleis ansvar berre for utferdsstaden. Lagsbruka stod for gardsdrifta med tilsett gardsstyrar som før til 1. desember 1965, sidan vart garden driven med paktaravtale. Nybygd styrarbustad stod ferdig året før.

Selsvikstemna vart i 1968 utvida til Hordastemna (ingen lag hadde teke på seg fylkesstemna dette året)  i samarbeid med Ervingen, såleis at dei stod for laurdagskvelden i Gimle medan BUL  raust kunne overføra 2/3 av overskotet av sundagsstemna til fylkeslaget. Selsvikstemna heldt elles fram med stendig minkande frammøte til siste stemna vart halden halden i høljande regnver i 1973.

Lagsbruka
Hotell Hordaheimen fekk ny flott matsal og nyinnreidde gjestestover i andre høgda i 1962, og i 1970 vart heile første høgda med resepsjon, kaffistove, kjøken og garderobeanlegg i kjellaren vart modenisert.
FENSAL vart namnet på gamle ”Svenneforeningen”, laget har fått sitt eige lagshus etter å ha vore leigar hjå Ervingen i alle år.
Lutlaget skifta namn frå ”Kaffistova….” til ”Lagsbruki ….” og den aukande verksemda førde med seg at administrasjonsskipnaden måtte leggjast om, og det vart skipa ei stilling som disponent for lutlaget.
Isbaren Snorre” vart opna i Fensal i 1966 og vart driven nokre år, året før overtok lutlaget 1/3 av Arnastova L/L saman med Vestlandske Mållag og Hordaland Ungdomslag, og ei ny kaffistove vart sett i drift ved at lutlaget overtok ”Paradis Konfekt- og Thesalong” og Kaffistova på Torget vart totalombygd i 1974.

Til toppen

1975 – 1989 (Ervingen)

Lagsmøta heldt fram, og fram til og med 1979 var der faktisk større interesse for desse møta enn i åra før.  Men dette varde ikkje så mange år.   Frå 1986 av blei dei skorne ned til eitt i månaden, men det førde berre til at det vart færre møte som folk ikkje kom på.

Folkedanskveldane kvar sundag gjekk godt i første del av perioden.  Middeltalet for selde billettar var heile 182 i 1976, og dette gode frammøtet heldt seg også året etter.  Frå 1978 tok frammøtet til å falle.  Etter tre år med rundt 60 selde billettar, gjekk talet vidare ned frå 1987 av.

I 1988 gjekk Nordleik 88 i Bergen.  Ervingen og Bondeungdomslaget var hovudarrangørar, og dugnadinnsatsen var stor.

«Kor é Tonen» I 1977 ville ei gruppe medlemmer i Ervingen starta visegruppe.  Dette hadde vært prøvd fleire gongar før utan hell, og heller ikkje denne gongen lukkas dei.  I staden starta dei blandakoret «Kor é Tonen», som fekk god oppslutning frå starten av.  Dirigenten gav seg på våren 1978, og koret strevde fram til dei fekk ny dirigent.  Han var medlem av Bondeungdomslaget og ville at medlemer av Bondeungdomslaget også skulle få vera med.  Bondeungdomslaget hadde nemleg også problem med å få medlemer nok til eit kor.  Frå då av var «Kor é Tonen» eit felles kor for begge laga.

Fotogruppe:  Årsmøte i 1976 sette ned ei nemnd til å få i gang ei fotogruppe og til å få innreidd eit mørkerom i Gimle.  Nemnda skipa til tre kurskveldar med frå 10 til 20 deltakarar, og Kaffistova gav pengar til innreiing av mørkerom.  Arbeidet med å få rommet i orden blei utført på dugnad.  Aktiviteten var stor dei komande åra, men interessa døydde ut utover i 80-åra.

Folkedansgilda i Bergen skipa til 7 gilde i perioden, og Gildenemnda tok på seg å organisere deltaking på fleire internasjonale festivalar.  Det 13. (1989) var det siste gildet i perioden.  Laga engasjerte seg ikkje så mykje som før.  Dei stilte rett nok mannskap under sjølve avviklinga av gilda og skaffa privat innkvartering til gruppene som kom, men etter kvart såg laga på gilda som noko Gildenemnda skipa til og som var laga meir uvedkomande enn før.

Barnelaget hadde 79 medlemer i 1976, og det var ikkje særleg forskjellig frå dei siste åra før.  Men dette talet steig i åra som følgde og nådde ein topp på 118 i 1979.

Tenåringane hadde ei tid vore temmeleg frikopla frå resten av Barnelaget, og frå 1982 av blei dei formelt skilde ut frå barnelaget som eiga gruppe.  I 1985 bytte gruppa namn og blei heitande Ungdomsringen.

På årsmøtet i 1983 blei sokalla kjønnsnøytrale nemningar vedteke, og lagsformann vart til lagsleiar.

I 1988 blei særlaga i Ervingen omorganiserte til nemnder direkte under hovudlaget, utan eigne pengemidlar.  Denne ordninga har laget stadig.

 Til toppen

1975 – 1989 (BUL)

1976 synte seg på mange vis å gje ny vokster til laget med stor auke i medlemstalet, og med ein lagsflokk på 401, pluss 49 i barnelaget, er dette det høgste medlemstalet laget har hatt! (Men i 1921 var det meldt om 523!). Det var auka oppslutnad om lagsmøta, folkedanskveldane og lagsfestane, med jamn aktivitet i særlaga og med aktiv deltaking i målarbeidet. Det vart vedteke å skipa til målmarknad annakvart år, der heile overskotet skulle gå til Noregs Mållag.

Generasjonskløft og Tillitsmannskrise
Sist på 70-talet fann lagsleiinga ut at det etter kvart hadde det kome fram klåre skiljeliner i lagsarbeidet, og at desse dels gjekk etter alder. Dette kom til uttrykk ved at det var to ringar i Leiklaget, og det var likeeins to kor i laget. Og på nokre av lagsmøta var det mest berre eldre som møtte fram, på andre att mest berre yngre lagsfolk.
Utover i perioden vart det stendig vanskelegare å fylla den føreskrivne tillitsmannsrekka, og det vart klaga over at lagsarbeidet gjekk heller tregt. I 1985 vart Barnelaget nedlagt av di det ikkje lenger var råd å få instruktør, men kom seinare i gang att, og i 1987 vart det gamle Songlaget oppløyst. Samarbeidet med Ervingen i koret ”Kor’è tonen” heldt fram som før.

Folkedans
Frammøtet på folkedanskveldane var rekordstor midt på 70-talet, men sidan jamt minkande.
Saman med Ervingen tok ein – under tvil – på seg tilskipinga av Nordleik i 1988. Med gode krefter både i planlegginga og med dugnadsarbeid under tilskipinga, vart det sers vellukka og gav gode overskot i slunkne pengekassar.

Selsvik
Aktiviteten på utferdsstaden var skiftande, Parselldyrking var eit nytt tilbod som var populært ei tid.
Etter kvart vart det klårt at den kjære utferdsstaden ikkje lenger hadde framtidsvon.
Eigedomen vart utlyst for sal i 1986, og 2. september 1987 var det halde omframt årsmøte, der det var gjort vedtak med 23 røyster mot 3: ”…BUL sel Selsvik gard til Bergen Tomteselskap A/S for 2.2 mill…” Men sidan det var landbrukseigedom, laut ein avventa konsesjon..

Lagsbruka
Lutlaget overtok drifta av Kafe Bergenhus på Strandkaien, med ein 10-års avtale i 1979.
Same året fekk Lagsbruki hand om alle aksjane i A/S Novus som åtte 3 eigedomar vegg i vegg med Hotell Hordaheimen. I 1977 var ei større ombygging gjennomført med 16 nye rom med dusj og toalett. Kjøpet av Novus la til rette for den neste ombygginga, og i 1983 vart 16 nye og 2 ombygde rom tekne i bruk. I 1986 vart endeleg 18 rom utan bad omgjorde til 15 rom med bad.
I tillegg vart Cort Piilssmug ombygd, medan Arnastova vart nedlagt etter få år, og likeeins Kaffistova på Paradis.

Til toppen

1990 – 2000 (Ervingen)

Rundt 1900 var det stort sett berre dansen som samla folk til Ervingen, og jamvel interessa for dans var i tilbakegang. Særleg gjekk folkedanskveldane dårleg, der var talet på selde billettar kome ned på i underkant av 40.

Dette spegla seg sjølvsagt att i medlemstalet som var på veg nedover. Ved årsskiftet 1990/91 hadde laget 202 vaksne medlemer, og dette fall til 173 året etter, – det lågaste sidan skipingsåret.  Talet fall vidare dei neste åra til det nådde botn i 1995 med 145 medlemer.  Etter dette auka talet via 153 til 182, og laget gjekk inn i jubileumsåret med 200 medlemer.

I tillegg hadde Ervingen medlemer i barnelaget, og dette talet varierte mykje, slik det alltid har gjort.  Medlemstalet i barnelaget har alltid vore svært avhengig av kor aktivt dei ulike styra driv rekrutteringsarbeid.

Toradargruppa «Gimlingane» kom i gang i 1991 etter eit toradarkurs i Gimle.

Teaterarbeidet kom i gang att i 1997, og enda om det har gått litt opp og ned med denne aktiviteten, er det stadig ei teatergruppe i gang.  Ved inngangen til år 2000 er gruppa bra stor, men hovudsakeleg med medlemer som lite og ikkje involvert i andre tiltak i laget.

Folkedanskveldane strevde fortsatt med få selde bilettar. I 1995 var talet fal til 26, men ein såg ein viss framgang på hausten.  i 1996 steig det på nytt til mellom 30 og 40, men etter som eit slikt tal gir underskot gjekk Ervingen ned til ein folkedanskveld i månaden frå 1999 av.  Bondeungdomslaget hadde da alt ei god stund hatt denne reduserte frekvensen av folkedansar.

Frå og med romjula 1995 blei det skipa til «Romjulsdans», eigentleg ein normal folkedanskveld, men på ei tid då folk var sugne på å danse.

Familiefolkedanskveldar 

For å dra folk til folkedanskveldane tok ein til å arrangera familiefolkedanskveldar eit par gongar i året.  Barnelaget sto for -, og ungane var med den første delen av kvelden. Det kom litt fleire folk til desse kveldane, men det hjelpte ikkje på rekrutteringa til dei andre.

Folkedansgilda heldt fram i perioden. Det 14. blei halde i 1991, mens det 19. og siste blei skipa til i 1997.  Interessa for folkedansgilda hadde gått mykje tilbake og det blei vanskeleg å få publikum til tilskipingane.  Medlemslaga syntes arbeidsinsatsen blei for stor i høve til det gilda gav tilbake.  Hordaland ungdomslag tok over eignelutane og skal eventuelt prøve å få gilda i gong att ein gong i framtida.

I dette tiåret fekk Ervingen seg litt kontorhjelp til avlasting for styret. Laget fekk KAJA-midlar i 1996 og fekk sivilarbeidar i 1999.  Elles har laget brukt ein del eigne midlar til innleigd kontorhjelp. 

Til toppen

1990 – 2004 (BUL)

Til denne tidbolken finst ikkje noko sogeskrift å stø seg på, årsmeldingane lyt difor vera viktigaste informasjonskjelda. I meldinga for 1991 kom styret sitt attersyn på rim, året etter heiter det: ”Me har i år hatt dei tradisjonelle tilskipingane. Men i ei årsmelding vert framstillinga ofte rosenraud. For å seia som sant er, så slit BUL kraftig i motvind for tida”.

Målsak
Marknad og Loppemarknad vart haldne årleg, i 1990 var det Målmarknad, og overskotet gjekk som før til Noregs Mållag.

Aktivitetane
i Hovudlag og særlaga heldt fram om lag som før, med skiftande frammøte år om anna. Teaterlaget melder at dei ikkje har hatt nokon aktivitet i 1997, men kom seinare i gang att. Folkedansgilda heldt fram, men frå 1998 vart det ikkje lenger skipa til gilde.

Songdanshefte
Etter mange år med å laga dansemåte til viser frå Hordaland, kom arbeidet i gong med å få dansemåtane nedteikna. Resultatet er eit hefte med tittel: Her e’ me grannar (1995).
Heftet vart svært godt motteke, og selt landet over, og mange av visene har gått inn i det faste repertoaret for lag som enno driv med songdans.

Folkemusikkfesten
i februar 1990 var eit nytt tiltak, og som har vore tilskipa kvart år sidan med Gabriel Fliflet som musikalsk vert. Det vart ein verkeleg storkveld med om lag 300 menneske innom dørene i Fensal.

Fokedanskveldane
heldt fram. I 1994 heiter det at Styret har ikkje hatt noko møte/samarbeid med Ervingen om folkedanskveldane. BUL kjem til å fortsetja med å ha folkedansane om sundagane. Ervingen kjem til å skifta til fredagen,

Selsvik
Salet av garden til Bergen Tomteselskap vart omgjort i 1992, då departementet nekta å gje konsesjon. Garden vart så pakta bort for 5 nye år, og i 1998 vedtok eit omframt årsmøte sal av Selsvik og paktaravtalen vart avslutta. Salet vart endeleg gjennomført i 2000.
I mellomtida hadde laget skaffa seg ein ny utferdsstad ved at ein leigde vaktarbustaden til NSB på Upsete på åremål. Dette vart likevel ikkje den suksessen ein vona på, men betra seg ved eit samarbeid med Høgskulen i Bergen.
Sommaravslutninga i 2002 vart lagt til Selsvik gard. 50 frammøtte såg seg rundt på garden og var på rotur på Kalandsvatnet. Skriftnemnda presenterte boka ’Selsvik gard i Fana’, og innsamla biletmateriell frå garden frå 1918 til no.

Lagsbruka
Ombygginga av Kaffistova i 1989 vart dyrare enn venta, og resultatet synte negative tal frametter, også for heile lutlaget.
1994 blei eit lagnadstungt år for Lagsbruki. Etter ei grundig og vel gjennomtenkt vurdering i samråd med eigaren vår, gjekk vi til det steg å selja Kaffistova, etter 100 års drift.
I 1997 gjekk Hordaheimen inn i hotellkjeden Best Western. Hotellet sleit framleis med underskot,  men let ikkje vera å gjennomføra årleg vedlikehald og modernisering for å halde  ein høg kvalitets standard. November 2004 vart historisk, ved at hotellet innførde skjenkerett.

Samanslåing
Dei første åra etter tusenårsskiftet arbeidde Ervingen og BUL stendig nærmare einannan, fellestilskipingane vart fleire, og nemnder og sammøte førebudde det som etter kvart alle rekna med ville bli resultatet: ei samanslåing av dei to laga. Det galdt sjølvsagt å gjere prosessen så lite smertefull som råd.
Etter 95 år som to lag, kan ein likevel truleg slå fast at så vel medlemsmassen som aktivitetsnivået nok har vore større enn det ville vore med eitt lag.

Til toppen

Samanslåinga (2000-2004)

Kjem etterkvart.

Eit nytt lag vert til (2005-2015)

Kjem etterkvart.

Laga av Lauen Dans&Design