Folkedans

Bergen ungdomslag Ervingen er den største aktøren for norsk folkedans i Bergensområdet. Me har mange tilbod til born, ungdom og vaksne i alle aldrar.

Norsk folkedans er eit vidt omgrep, og omfattar alt frå den tradisjonelle leikarringen til sosial dans. Me driv med alle sjangrar av norsk folkedans: turdans, bygdedans, songdans og runddans, og både lokale dansar frå Bergen og omlandet, og dans frå andre kantar av landet.

Hjå oss vil du oppleva norsk folkedans i eit levande miljø!

Frå 17. mai, dans i hovudprosesjonen

Frå 17. mai, dans i hovudprosesjonen

Faste danseøvingar:

Barnelaget, born 5-12 år. Tre ulike grupper. Måndagar 17.00-18.15.
Måndagsringen, vaksne. Måndagar 19.30-21.30
Onsdagsøving, ungdom og vaksne. Onsdagar 20.00-22.00.
Studentdans, studentar. Onsdagar 20.00-22.00.

Fagområde og kompetanse

Bergen har alltid vore kjend for sitt aktive folkedansmiljø. Opp gjennom tidene har mang ein stordansar og dyktig instruktør gått gradene i ungdomlaget her. Det gjer at me i dag har fleire av landets dyktigaste instruktørar innan norsk folkedans hjå oss.

Danseopplæring og instruktøropplæring er viktige arbeidsfelt hjå oss. Me satsar på kvalitet i all instruksjon, og meiner at det syner igjen på det dansenivået me har i laget. Derfor ønskjer også laget å knytta til seg aktive dansarar som vil komma til Bergen. Desse har alltid vore ein viktig impuls for danseutviklinga i laget.

Framsyning og danseopplæring

Laget stiller dansarar og spelemenn til framsyningsoppdrag og danseopplæring.
Laget driv folkedansopplæring retta mot skular, SFO og barnehage.
Ta kontakt med lagskontoret om dette er av interesse

Kurs og tilskipingar

Bergen ungdomslag Ervingen skipar til kurs og samlingar. Fast i semesteret pleier vere nybyrjarkurs, instruktørsamling og eit dansekurs med ulike tema.
I løpet av året skipar me til ulike dansekveldar. Dei er av ulikt innhald, men hovudmålet er gode danseopplevingar og triveleg miljø.
Følg med i kalenderen og nyhende-sida for å sjå kva som skjer.

Frå ei danseøving i ungdomslaget.

Ei danseøving i laget. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Laga av Lauen Dans&Design