Hyttetur og hordamønstring
Laurdag 10. mars møtte 24 danse- og speleglade born og vaksne opp på hytta, klare for to dagar med dans, felespel og andre kjekke aktivitetar.

Puslespel med 500 brikker
Dagen vart starta med at me spela brettspel og leika gjøymeleik før danse- og felekursa byrja. Det vart spelt både nye tonar og dansa nye trinn. Spelemennene vart inspirerte av snøen og spela ein song om ein snømann, og dansarane øva på å dansa som ein firkant. Etter ei god kursøkt, tok me turen ut for å sjå om me fekk napp på dei heimelaga fiskestengene. Det var lite fisk å få i det frosne vatnet, så heldigvis var det pizza til middag.
Kvelden vart nytta til koppemaling, felles leikar i stova og ei utruleg morosam adjektivforteljing. Då kvelden kom, var det få som ville legga seg, men etter kvart sov heile hytta. På sundagen var det duka for rebusløp, og ein veit at ein er på tur med ein kunnskapsrik gjeng når alle laga hadde alle riktig på rebusen.

Post 7

Borna testar fiskelukka

Tre frå barnelaget dansar på sjokoladekappleik
Laurdagen etter møttest me att, og endå fleire denne dagen. Då var det nemleg klart for hordamønstring på Osterøy. Spente spelemenn og dansarar var klare til å syne det dei kunne. Dette vart gjort under sjokoladekappleiken, med fullsett sal. Barnelaget opna ballet med flott dans før det var felespelarane i Dragegjengen og i Bergen juniorspelemannslag sin tur. Her var det både ferske felespelarar som hadde sin første konsert og felespelarar som hadde stått på scena nokre gongar før.

Dei yngste dragane på sjokoladekappleik
Etter sjokoladekappleiken var ferdig, og sjokoladepremien var utdelt, var det tid for lagspel junior, og med Bergen juniorspelemannslag som favoritt og einaste deltakar, vart det inga overrasking at dei vann og fekk med seg ein stor fruktkorg heim.

Bergen juniorspelemannslag
Me har møttes og hatt to kjekke helger saman, og det er ikkje tvil om at ungdomslaget har ein god gjeng med dyktige folkemusikarar og folkedansarar.