Hordamønstring 2016

Trykk på lenka under for resultatliste Hordamønsting 2016
RESULTATLISTE HORDAMØNSTRING 12

Laurdag 12. mars inviterer Bergen ungdomslag Ervingen til Hordamønstring. Det vert fokus på den yngre garde, med sjokoladekappleik, juniorklassar og ein ung seniorklasse (18-26 år). Når mønstringa er ferdig, vert det familiefolkedans, og seinare på kvelden inviterer me til dansekveld.

Mønstringa og dansen vil gå føre seg i lagshuset til Bergen ungdomslag Ervingen, Gimle, Kong Oscarsgate 18.

Plan for dagen:
11.00-12.00: Sjokoladekappleik
12.00-16.00: Mønstring
16.00-17.30: Familiefolkedans
PAUSE
19.30- : Dansekveld og premieutdeling

Prisar:
Deltaking på kappleik: kr 50,-
Deltaking på kappleik + dansekveld: kr 150,-
Publikum på kappleik: kr 50,-/80,-/100,- (born/medlem/ikkje medlem)
Publikum på kappleik + dansekveld: kr 150,-/200,-/220,- (born/medlem/ikkje medlem)
Berre dansekveld: kr 150,-/180,- (medlem/ikkje medlem)
Under 12 år: gratis
(Medlem/ikkje medlem gjeld for medlemskap i alle deltakende lag)

Det vert tevling i følgande klassar:
– Sjokoladekappleik (alle solo- og samspelnummer der alle deltakarane er under 12 år)
– Gruppespel, junior og senior (alle aldre)
– Hardingfele, junior og 18-26 år
– Lagspel, junior og senior (alle aldre)
– Lagdans, junior og senior (alle aldre)
– Laus/halling, junior og 18-26 år
– Pardans, junior og 18-26 år
– Toradar, junior og 18-26 år
– Vokal, junior og 18-26 år

Dommarar:
– Åse Teigland: hardingfele, gruppespel, lagspel og sjokoladekappleik
– Eva-Marie Toppe: hardingfele, vokal, gruppespel, lagspel og sjokoladekappleik
– Knut Kjerland: hardingfele, toradar, gruppespel og lagspel
– Sindre Fotland: toradar og sjokoladekappleik
– Steffen Eide: vokal og toradar
– Gunn Inger Sture: lagdans, pardans, laus/halling og sjokoladekappleik
– Stig Indrebø: lagdans, pardans, laus/halling og vokal
– Sverre Sundvor: lagdans, pardans og laus/halling

Påmelding finn de på http://paamelding.folkemusikk.no/ . Me utvidar påmeldingsfristen til FREDAG 4. MARS. Dette er absolutt siste frist, då me må ha tid til å utarbeide startliste og fordele øvingsrom før mønstringa.

Treng du overnatting? Då kan du få rabattert pris påovernatting på Best Western Hotel Hordaheimen. Trippelrom for 3 personar til kr 1095 inkl. frukost og dobbeltrom for 2 personar til kr 895 inkl. frukost. Prisen gjeld både fredag til laurdag og laurdag til sundag, men berre så lenge hotellet har ledige rom! Send epost til Ann Rita Hovden annrita@hordaheimen.no for tinging av rom (tlf:55335104).

Hending på Facebook: Hordamønstring 2016

Dersom de lurer på noko, kontakt Ida Marie Rognsvåg, på e-post: idamarie.rogn@hotmail.no eller telefon: 41690058.

Vel møtt!

Laga av Lauen Dans&Design