Arkiv | Kurs

RSS-straum for denne seksjonen
Foto: Kjersti Johanne Nybø

Vinjekveld

Laurdag 17. november arrangerte Bergen Ungdomslag Ervingen lagskveld med Vinje som tema. 2018 markerer 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje sin fødselsdag. Vinje vart feira med innslag frå ulike grupper i laget; koret og kvedargruppa song, ungdomsringen dansa til juniorspelemannslaget sin tonar, og Guro Haugen og Thea Sjule framførte ein song. I tillegg kom Jens Khil […]

hending kurs

Kurs i polsdans frå Finnskogen 20.-21. oktober 2018

Det er ikkje kven som helst som tar turen over fjellet for å instruera oss: Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge har dansa seg til topps på landskappleiken med Finnskogspols, og har mange års røynsle som instruktørar. Finnskogspols er ein fantastisk kjekk dans som nærast luktar tjukk skog og sveitt skogsarbeidar. Dansen er både spretten […]

Kurs i rundom

Laurdag 07. april og sundag 08. april møttest 25 danseglade for å få ei innføring i rundom før landskappleiken til sommaren. Martin og Inga Myhr stod for god instruksjon, og vestlendingane gjorde sitt beste for å treffe den noko uvanlege takten til dei vakre tonane frå Else Myhr. Bygdedanslaget stod for frukt og kaffi i pausane, […]

Born puslar puslespel med 500 brikker

Hyttetur og hordamønstring

Laurdag 10. mars møtte 24 danse- og speleglade born og vaksne opp på hytta, klare for to dagar med dans, felespel og andre kjekke aktivitetar.   Dagen vart starta med at me spela brettspel og leika gjøymeleik før danse- og felekursa byrja. Det vart spelt både nye tonar og dansa nye trinn. Spelemennene vart inspirerte av snøen og […]

folkemusikkfest

Dansekurs og folkemusikkfest 3. mars 2018

Eit stjernelag med fleire av Nord-Amerikas beste utøvarar innan Cajun-sjangeren kjem til Bergen: The Cajun Country Revival. Bassisten i bandet, Nadine Landry, vil kursa oss i dei viktigaste Cajun-dansane: vals og two-step. Til levande musikk lærer ho bort vals med Cajun-vri og ulike variantar av two-step, som “the jitterbug” og “the zydeco two-step”. Pris: 100 […]

Hallingkurs

Ungdomsringen har skrive årsmelding for 2017, og vil gjerne dele eit av høgdepunkta; hallingkurs for ungdom med Martin Myhr laurdag 20.mai. Det blei ein kjekk, slitsam og innhaldsrik dag. Ni deltakarar møtte opp i Gimle til kurs kl. 10.30. Ei variert gruppe, der nokre hadde dansa mykje og nokre ikkje hadde dansa særleg mykje før. […]

Bergen Juniorspelmannslag. Foto: Knut Utler

Juniorspelmannslaget jubilerar

Bergen junior Spelemannslag jubilerar, og ynskjer at flest mogleg skal vere med å markere at laget har eksistert i 15 år. Som eit ledd i markeringa, blir det kurs i Canadisk felespel, med Patti Kusturok og akkompagnatør på piano, Trent Bruner. Patti Kustrurok kjem frå Winnipeg, og er ein høgt akta felespelar. Ho er tre gonger […]

Sordans og songdans

Instruktørkurs: fordjuping i songdans og stordans 29.sept. -1.okt.

Det vert instruktørkurs med tema fordjuping i songdans og stordans 29.september-1.oktober i Gimle. I tillegg til instruktørkurset skipar me til Stordanskveld på Schøtstuene laurdagskvelden. Det vert med andre ord ein god sjanse til å fordjupa seg skikkelig i songdansen si verd. Om kurset: Noregs Ungdomslag har ein stolt tradisjon med songdans og stordans og dette instruktørkurset gjev eit […]

Laga av Lauen Dans&Design