Bergen Juniorspelemannslag

Øver omlag annakvar måndag i Gimle, Kong Oscarsgate 15.

Juniorspelemannslaget er eit hardingfelelag for barn og unge i alderen 8- 18 år. Spelemannslaget er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen Kuturskole og Bergen ungdomslag Ervingen.

Spelemannslaget vart starta for at elevane i Bergen Kulturskole skulle få eit tilbod om samspel.  Juniorspelmannslaget kjøper instruktørtimer fra kulturskulen. Det naudsynt at medlemane får individuell / smågruppebasert undervisning i kulturskulen (eigen søknad vert å senda  til Kulturskolen i Bergen), eller privat.

Gjennom spelemannslaget  får  elevane  høve  til å delta aktivt i et folkemusikkmiljø (konsertar, kappleikar, dansespel  osb) og vera synlege som ein del  av musikkmiljøet for born i Bergen.  Det at juniorspelmannslaget  er ein del av  Bergen ungdomslag Ervingen gjev medlemane høve til å setja si interesse for  hardingfelespel i ein breidare folkekulturell kontekst,  då dei vert ein naturlig del av denne organisasjonen sine  øvrige  aktivitetar. Juniorspelmannslaget øver omlag 6 måndagar pr semester, samt diverse framsyningar / konsertar nokre helger i semesteret.

Tidspunkt øvingar i Gimle:   

kl. 18.00-20.00

Ekstratilbod for vidarekomne elevar i laget:

Solo dansespel for vidarekomne elevar på omgang for barnelaget v / Ida Marie (liste over når og kven, samt repertoarliste vert lagt i dropboks)

Har du lyst til å vera med i juniorspelmannslaget, er det berre å ta kontakt. 

Laga av Lauen Dans&Design