Læra noko nytt i vår?

I vår arrangerer folkedanslaget to ulike kurs i folkedans for ungdom og vaksne, så uansett om du er interessert i å friska opp gamle kunstar eller læra noko heilt nytt, kan du finna det i Gimle.

Foto: K. J. Nybø

Frå eit tidlegare dansekurs. Foto: K. J. Nybø

Laurdag 18. mars vert det i samband med at Folkemusikkfesten blir arrangert same kveld, eit kræsjkurs i norsk folkedans. Her får du ei rask innføring i nokre vanlege, og nyttige, dansar, som reinlengder og springar. Kurset vert leidd av instruktør Gunn Inger Sture og spelmann Irene Bjørke. Dette er eit kurs som både passar som oppfrisking, og for den som er heilt fersk på golvet.

Tid: laurdag 18. mars kl. 13-15
Pris: 50 kr (student/medlem Bergen ungdomslag Ervingen eller Columbi Egg) / 100
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Facebook-hending her. Inga påmelding, det er berre å møta opp.

Laurdag 1. april vert det eit kurs med fokus på berre ein dans, nemleg rørospols. Instruktør vert Ingunn Skjelvan, og me får god musikk frå Maria S. Toppe og Eva Marie Toppe. Dette er eit kurs som passar både for den som har dansa pols før, og for den som ikkje kjenner så godt til dansen.

Tid: laurdag 1. april kl. 11-16
Pris: 250 (student/medlem Bergen ungdomslag Ervingen eller Bygdedanslaget i Bjørgvin) / 300 kr
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Påmelding innan søndag 26. mars til kontoret@bergen.ungdomslag.no
Facebook- hending her.

Laga av Lauen Dans&Design